Krillbåt Stig Remøy montasje
SNART PÅ VEG: Skroget til det som skal bli Rimfrost Holding sin nye krilltrålar er snart på veg til Noreg, fortel Stig Remøy (innfelt). Illustrasjon: Rimfrost Holding/Foto: NETT NO
Nytt

Testar krillbåt-skroget i Tyrkia

Rimfrost sin nye krilltrålar blir sendt til Noreg for utrusting i september.

29.08.2022

Skroget til det som skal bli Rimfrost Holding sin nye krilltrålar "Jan Mayen" er på prøvetur utanfor verftet i Tyrkia. Det viser nettsida Marine Tracker.

Det blir avreise frå Tyrkia i september, skriv Stig Remøy i ei tekstmelding til NETT NO.

Remøy er dagleg leiar og største aksjonær i Rimfrost Holding gjennom sitt investeringsselskap SRR Invest.

I Noreg skal krilltrålaren utrustast hos Westcon. Det er forventa at båten vil vere i fiske tidleg vår 2023, sa Remøy i ei melding tidlegare i august i år.

Forseinka
Bygginga av skipet ligg etter det som var planen då kontrakten mellom Westcom og Rimfrost Holding vart offentleggjort sommaren 2020.

Då var planen at fartøyet kunne takast i bruk i år.

Milliardinvestering
Dei siste åra har Rimfrost Holding-konsernet vore eit krillselskap utan eigen båt, men med "Jan Mayen" på plass får selskapet den nyaste båten i krillfiske-flåten.

Krill er ein krepseart som blir fiska i fartvatnet rundt Antarktis.

Byggekontrakten er på over ein milliard kroner og ulike utstyrsleverandørar får oppdrag for nærare ein halv milliard kroner.

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Publisert: 29.08.2022 14:34

Sist oppdatert: 29.08.2022 18:11

Mer om