Far Sabre foto Marie Flatin 11
NYTT LIV: Far Sabre som har vore i opplag sidan starten av 2019, får nytt liv. Søndag blei offshoreskipet slept til Green Yard Kleven for ombygging. Foto: Marie Flatin
Nytt

Tidlegare Farstad-skip får nytt liv

Offshorefartøy til Green Yard Kleven etter meir enn fire år i opplag.

Marius Rosbach
26.03.2023

Det tidlegare Farstad-skipet Far Sabre vart søndag slept til kai ved Green Yard Kleven i Ulsteinvik.

Etter det NETT NO kjenner til, skal offshorefartøyet byggjast om av ny eigar.

Blei nyleg seld
Offshoreskipet har vore i opplag ved Humla sør for Ålesund sidan starten av 2019. Søndag sørga to slepebåtar for at skipet kom til Ulsteinvik og Kleven-verftet.

Ankerhandteringsskipet blei nyleg seld av Solstad Rederi, eitt av Solstad Offshore sine dotterselskap.

Det er ikkje kjent kven som er eigaren, og i det internasjonale skipsregisteret står framleis Solstad registrert som eigar.

Green Yard Kleven-verftet har dei siste åra satsa på både ombygging og resirkulering av skip, i tillegg til at dei framleis jaktar nybyggingsoppdrag. Mellom dei første større oppdraga verftet fekk på resirkulering, var ei rekke tidlegare Solstad-skip.

Bygd av Farstad i 2008
Det var Farstad-reiarlaget i Ålesund som bygde Far Sabre ved det dåverande Aker-verftet i Brevik.

Ankerhandteringsskipet er drygt 78 meter langt og 17 meter breitt med eit dekksarel på 510 kvadratmeter. Om bord er det plass til eit mannskap på 28 personar.

Offshoreskipet med UT 712 L-design blei levert i 2008. Om bord var det mellom anna system for dynamisk posisjonering frå Kongsberg Maritime og mykje teknisk utstyr frå Furuno i Ålesund.

Publisert: 26.03.2023 18:02

Sist oppdatert: 26.03.2023 18:52

Mer om