EU kommisjonen forto Wikimedia Commons Capun
VERKEBYLL: Torskefisket i nord er blitt ein verkebyll i forholdet mellom Noreg og EU etter brexit. Foto: Wikimedia Commons/Capun.
Nytt

Torskekrigen: EU truar Noreg med straff

EU skuldar Noreg for systematisk og tilsikta diskriminering i Svalbardsona.

21.04.2021

NPK-NTB-Johan Falnes: I ein diplomatisk note datert 26. februar går EU hardt ut mot Noregs framferd i fiskevernsonen ved Svalbard.

EU stemplar Noregs tilnærming som «systematisk og tilsikta diskriminerande mot fartøy som fører flagget til EUs medlemsland» og varslar at EU «står klar til å treffe alle nødvendige mottiltak» mot Noreg for å sikre EUs interesser.

EUs ministerråd har gitt NTB innsyn i dokumentet, som fram til no har vore sett bort frå offentlegheit.

Brexitkrangel
Konflikten handlar om EUs tilgang til torskekvoter i Svalbardsonen etter brexit.

Då britane gjekk ut av EU, valde Noreg å nedjustere den gamle EU-kvoten ved å trekkje ifrå Storbritannias historiske fiske. EUs gjenverande medlemsland fekk dermed ein ny torskekvote i Svalbardsonen på 17.885 tonn, medan Storbritannia fekk ein kvote på 5.500 tonn.

Det vart avvist av EU, som i januar svarte ved å tildele seg sjølv ein langt større kvote på 28.431 tonn.

Noreg har trua med å arrestere fiskefartøy som overstig den kvoten Noreg har fastsett.

– Vi har gjort det klart overfor EU at alle fiske utover Noregs kvotetildelingar vil vere eit ulovleg fiske, og det vil bli handheva av kystvakta på alminneleg måte, uttaler statssekretær Audun Halvorsen (H) i Utanriksdepartementet i ein e-post til NTB.

Ifølgje han vil EUs diplomatiske note frå 26. februar bli svart på «i nær framtid».

«Fullstendig vilkårleg»
I noten hevdar EU at Noreg i praksis har gitt seg sjølv og Russland «ubegrensa tilgang» til fiske i Svalbardsona, medan tilgangen er avgrensa for operatørar frå EU.

Dette meiner EU er i strid med artikkel 2 i Svalbardtraktaten, som sikrar partane lik rett til fiske i farvatna utanfor Svalbard. Heile 22 av dei 46 landa som har underteikna Svalbardtraktaten, er medlemsland i EU.

Vidare viser EU til at det ikkje finst noka semje om korleis torskekvotene i Svalbardsonen skal fordelast. Dei norske kvotene er derfor fastsette på eit «fullstendig vilkårleg grunnlag», blir det halde fast på i notaen, der EU òg viser til liknande konfliktar om rekefiske og fangst av snøkrabbe.

EU gir samtidig uttrykk for alvorleg bekymring for signala om at EU-fartøy kan bli teke i arrest.

«Slike handlingar vil vere ulovlege og vil betraktast som eit brot på folkeretten», åtvarar EU i noten.

Tolkar traktaten annleis
Men Noreg tolkar Svalbardtraktaten annleis. Det norske synet er at likebehandlingsprinsippet berre gjeld i territorialfarvatna 12 nautiske mil ut frå land.

I fiskevernsoan utanfor dette gjeld ikkje regelen om lik rett til fiske, slik Noreg ser det.

Men det at Noreg og EU ser ulikt på Svalbardtraktatens geografiske rekkjevidd, kan uansett ikkje legitimere at EU «tar lova i eigne hender» ved å utskrive eigne torskekvoter, meiner Halvorsen. Han fastslår at Noreg har einekompetanse til å regulere fangsten òg i område der Svalbardtraktatens likebehandlingsreglar gjeld.

– Det er uheldig at EU set havretten til sides, slik dei har gjort i denne saka, uttaler Halvorsen.

– Ingen som er opptekne av berekraftig forvaltning i nord, er tent med det.



Publisert: 21.04.2021 07:29

Sist oppdatert: 21.04.2021 10:23