Stig ulstein inge jonny hide espen remme foto marius 11
MYKLEBUST: Ulmatec-eigar Stig Ulstein (midten) i samtale med verftsdirektør Inge-Jonny Hide og NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Nullutslepp er ein fjern visjon

Ulmatec-eigar Stig Ulstein vil ha meir merksemd om «lågthengande frukter» i kampen for å kutte utslepp.

Marius Rosbach
24.08.2021

Tysdag er ein tverrpolitisk delegasjon på besøk ved ulike bedrifter på søre Sunnmøre.

Under ein seanse ved Myklebust Verft tok Ulmatec-eigar Stig Ulstein eit oppgjer med satsinga på nullutsleppteknologi, og meinte andre former for energisparing fekk for lite merksemd.

– Nullutslepp er i dag ein fjern visjon, og vi må ta tak i det som ligg nærare i tid. Vi treng meir merksemd om dei lågthengande frukter, enn desse store visjonane om nullutslepp, sa Ulstein.

Lagar straum av varmevatn
Ulmatec-konsernet jobbar mellom anna med varmegjenvinning om bord på skip, som er eitt av felta der Ulstein meiner det kan gjerast meir.

– No klarar vi til dømes å lage straum av varmevatn. Det er nytt og vi skal levere dette for første gong om bord på ein fiskebåt som blir bygd i Tyrkia, fortalde Ulstein.

I år vil Ulmatec-konsernet omsette for kring ein halv milliard og har kring 200 tilsette i arbeid.

Trur hydrogen vil skuffe mange
Dei siste åra er det rulla ut storstilte støtteordningar for å få fartøy over på batteridrift, og å utvikle pilotprosjekt for båtar som skal gå på hydrogen eller ammoniakk.

Ulstein trur utviklinga når det gjeld hydrogendrift, vil skuffe mange og viser til at krev store areal for lagring om bord.

– Når alt skal elektrifiserast blir det også eit spørsmål om kapasitet i tilgangen på kraft, la han til.

Orten ville vite meir
Helge Orten (H) meinte det var interessante tankar Ulstein la på bordet, og ville gjerne høyre om det var noko ein kunne gjere med verkemiddelapparatet, for å legge betre til rette.

– Om det er mogleg å finne ordningar som gjer at det enklare å drive meir verdiskaping mellom maritime bedrifter i lokalmiljøet, så vil vi vite det, sa Orten.

Publisert: 24.08.2021 11:29

Sist oppdatert: 24.08.2021 11:37

Mer om