Treng meir tid til å bestemme bruken av tunnelsteinen
Utlysinga av anbodskonkurransen for Stad skipstunnel kan bli utsett til neste år.
Dette kjem fram av ei orientering frå Kystverket.
Dei tre kommunane rundt den 2,2 kilometer lange skipstunnelen, Stad,
Kinn og Vanylven, ønsker å bruke mest muleg av dei seks millionar
kubikkmetrane med sprengt fjell.
Det vil dei nytte til lokale næringsprosjekt, som hamne- og moloutbygging, utviding av eksisterande næringsområde og utfylling til nye område. Dermed kan prosjektet bidra til regional næringsutvikling og auka verdiskaping og sysselsetjing i ein pressa region.
Kystverket hadde planar om å lyse ut konkurransen om totalentreprisen på prestisjeprosjektet i slutten av året.
No skriv Kystverket at dette kan verte utsett til starten av 2023, ettersom kommunane treng meir tid til å prioritere og regulere massetiltaka.
Parallelt med dette arbeidet er Kystverket, Stad kommune og Multiconsult i gang med detaljreguleringar rundt tunnelopninga på Kjøde og Lesto i Moldefjorden, samt områda rundt.
Kystverket opplyser at Kystverket og Stad kommune inviterer innbyggjarane i Kjøde og Moldefjorden til informasjonsmøte om den komande skipstunnelen torsdag 23. juni. Det blir arrangert møter i begge bygdene der tunnelopningane kjem.
Skal kartleggje synergiar
Kystverket opplyser at i tillegg er følgjande prosjekt på gang:
- Kystverket og vertskommunen Stad kommune har utarbeidd ein samarbeidsavtale som vert lagt fram for politisk handsaming i Stad kommune i juni.
- Eit moglegheitsstudie som skisserer potensiale for utvikling og satsingar i nærområda til skipstunnelen blei lagt fram for Stad kommunestyre 12. mai (v/Nordplan). Moglegheitsstudiet vert no samanfatta i ein masterplan med konkrete anbefalingar for moglege tiltak.
- Stad kommune er med som følgjekommune i Gnist-prosjekt i Vanylven.
- Vanylven kommune har i lag med 10 andre kommunar blitt valt ut som Gnist-kommune. Som Gnist-kommune får Vanylven hjelp til å utforske korleis synergiane frå skipstunnelen kan utnyttast til å gjere kommunen meir attraktiv i form av auke bustad- og næringsaktivitet. Vanylven ønske å få kartlagt moglegheiter ut over det som gjeld overskotsmasse
og handtering av denne. Målet er at dette skal kunne bidra til å snu utviklinga med nedgang i talet på innbyggjarar. - I juli eller august vil Multiconsult gjennomføre grunnundersøkingar i sjøen i Kjøde i samband med ny reguleringsplan for eit industriområde.
Publisert: 02.06.2022 09:03
Sist oppdatert: 02.06.2022 18:03