Leitar etter smarte løysingar for skipstunnelen
Kystverket inviterer leverandørar til å jobbe saman og finne smarte måtar å byggje Stad skipstunnel på.
Etter planen skal bygginga av Stad skipstunnel starte våren 2023, og den 1,7 kilometer lange tunnelen gjennom Stad skal vere ferdig i 2026.
Kystverket planlegg å gjennomføre kontraktsignering ved utgangen av 2022, men allereie 7. september i år inviterer Kystverket til digital leverandørkonferanse.
- Effektiv og berekraftig gjennomføring
På heimesida skriv Kystverket at ein til konferansen ønsker velkomen alle som kan bidra til effektiv og berekraftig gjennomføring av totalentreprisa for bygginga av Stad skipstunnel.
– Vi brukar denne formen for leverandørdialog til å sikre at konkurransegrunnlaget opnar opp for gode alternativ og mulege løysingar, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
Han er også leiar for prosjektstyret for Stad skipstunnel, og kjem sjølv frå Vanylven, som er nabo til skipstunnelen.
Tek med lærdom frå Nordøyvegen
Med i prosjektstyret er også Marianne Nærø, også opphaveleg frå Vanylven. Ho er prosjektleiar for Nordøyvegen, eit prosjekt som vert ferdig eitt år før tida, og i tillegg held seg innanfor kostnadsramma på 5,6 milliardar kroner.
Nærø har tidlegare opplyst at konkurranse på byggetid, god planlegging og særs godt samarbeid med Skanska er hovedårsakene til den korte byggetida.
No ønsker Kystverket også god dialog før oppstarten av det som er eit unikt prosjekt sidan Stad skipstunnel er verdas første fullskala skipstunnel.
Opnar opp for gode løysingar
Einar Vik Arset seier at leverandørkonferansen er viktig for å kunne presentere prosjektet og prosessen for aktuelle leverandørar.
- Men også viktig for å fange opp løysingar, teknologi og alternativ som vi ikkje har tenkt på.
- Det handlar om å sikre at konkurransegrunnlaget ikkje skal stenge for gode alternativ og løysingar.
Oppstarten definerer resten
Mellombels prosjektleiar Terje Andreassen seier at oppstarten våren 2023 er litt seinare enn skissert tidlegare. Han understrekar at oppstartfasen for prosjekt av denne dimensjonen er definerande for den seinare prosessen.
- Det er svært viktig å kome i gang med dette omfattande prosjektet på ein skikkeleg måte, som betyr at vi køyrer ein grundig prosess i samband med denne anskaffelsen, seier Andreassen.
Meir fjellhall enn tunnel
Han uttalar i artikkelen på Kystverkets heimeside at utfordringa er at det er få, om noko, prosjekt å samanlikne med.
– Svært forenkla forklart er dette meir som ein stor og lang fjellhall enn ein tunnel. Den øverste delen av skipstunnelen skal drivast ut som ein gjer ved bygging av vanlege tunnelar. Så vil ein sprenge seg nedover, lag for lag. Såkalt pallsprenging.
- Det er eit omfattande arbeid som skal gjerast for at denne skal bli seglbar og sikker. Det vil seie å etablere konstruksjonar og sikringer, som er lik dei løysingane som er for kai- og moloanlegg, seier Andreassen.
Les også
Det handlar om å sikre at konkurransegrunnlaget ikkje skal stenge for gode alternativ og løysingar
Store mengder masse
Det er store mengde masse det er snakk om, totalt rundt tre millionar kubikkmeter med fjell. Det tilsvarar rundt åtte millionar tonn med masse.
Rundt to tredeler av dette blir større blokker frå sprenging. Resten blir mindre masse frå ordinær tunneldriving.
Høgda på skipstunnelen vert 50 meter og breidda 36 meter.
Estimert kostnadsramme er 3,4 milliardar kroner.
Publisert: 13.07.2021 06:00
Sist oppdatert: 12.07.2021 16:25