Havvind IKKE GJENBRUK innfelt hildegunn blindheim foto npk
STOR VEKST: Havvind står for størstedelen av veksten innanfor grøne næringar offshore. Administrerande direktør Hildegunn T. Blindheim i Offshore Norge meiner det er viktig å halde tempoet oppe for at norsk industri skal halde på fortrinna dei har opparbeida seg. Foto: Carina Johansen / NTB/ NPK / Offshore Norge
Nytt

Ventar fleirdobling av milliardmarknad

Ny kartlegging peiker mot kraftig offshorevekst frå havvind, hydrogen og karbonfangst- og lagring.

03.04.2023

(NPK-NTB): Omsetninga knytt til havvind, hydrogen og CCs var på 46 milliardar kroner i 2021, ifølgje ei ny kartlegging. Bransjen ventar kraftig vekst.

Kartlegginga er gjort av Menon Economics på vegner av Offshore Norge. Den baserer seg på spørjeundersøkingar, intervju og tredjepartskjelder.

– Fram mot 2030 er det forventa ein stor vekst i både omsetning og sysselsetjing i dei nye grøne næringane. I 2030 har Menon Economics kartlagt at aktørane i sum forventar ei omsetning på nærare 250 milliardar kroner og ei sysselsetjing på omkring 30.000, heiter det i oppsummeringa av rapporten.

Havvindmarknaden leier an
Omsetninga knytt til havvind, hydrogen og karbonfangst- og lagring var på 46 milliardar kroner i 2021. Sysselsetjinga i dei same næringane var på 5.600 personar, ifølgje kartlegginga.

Veksten til offshorenæringa i grøn omsetning har fram til no i hovudsak vore driven av aktivitet i havvindmarknaden, og 90 prosent av inntektene i 2021 kom frå eksport og sal frå norske selskap i utlandet, ifølgje rapporten.

Menon skriv at eit viktig funn i både denne analysen og i tidlegare analysar er at verdien av teknologi- og kompetanseoverføring frå olje- og gassnæringa til dei tre næringane er stort.

Næringa har opparbeidd seg ein ettertrakta kompetanse som vil gi norske aktørar eit fortrinn
Hildegunn T. Blindheim

Offshore Norge: – Ønskjer tempo
Fleirtalet av aktørane opplever at erfaring frå olje- og gassnæringa vil vere viktig for å vekse i alle dei tre næringane. I særleg grad gjeld dette havvindnæringa og CCS-marknaden (karbonfangst og lagring).

– Næringa har opparbeidd seg ein ettertrakta kompetanse som vil gi norske aktørar eit fortrinn i konkurranse med internasjonale aktørar, men det er svært viktig at vi held tempoet oppe i dei nye grøne næringane, seier administrerande direktør Hildegunn T. Blindheim i Offshore Norge.

Publisert: 03.04.2023 11:39

Sist oppdatert: 03.04.2023 11:49

Mer om