Trur renta blir høg ei lengre periode
DNB-rapport med nye prognoser for rente, økonomisk vekst og arbeidsløyse.
– Det har samanheng med trua vår på at den underliggjande prisveksten etablerer seg på eit høgare nivå enn 2 prosent, skriv DNB Markets i årets rapport om økonomiske utsikter.
Storbanken viser til at Noregs Bank har måtta trakke hardare på bremsen enn forventa for å oppnå den ønskte nedkjølinga av økonomien. I fjor auka banken styringsrenta frå 0,5 til 2,75 prosent og grunngav dette med frykt for at prisveksten bit seg fast på eit for høgt nivå.
Tærte på sparepengane
Samtidig var veksten i økonomien sterkare enn venta i fjor.
Forbrukarane var nemleg ivrige etter å ta igjen det tapte då kvardagen kom tilbake til normalen etter pandemien, og etterspurnaden heldt seg godt oppe trass i auka prisar på straum og mat og høgare renter, påpeikar DNB.
– Hushalda i land som USA og Noreg tærte villig på dei uvanleg store sparebufferane sine for å halde oppe forbruksveksten, heiter det i rapporten.
Likevel dalte både forbruket og den økonomiske veksten i fjor.
Mild nedgang
Og nedgangen vil halde fram i år, spår DNB.
– Den økonomiske veksten, som sakka av på tampen av 2022, vil i dei vestlege økonomiane vi følgjer, truleg gå over i stagnasjon eller mild nedgang i år. Det er etterspurnaden i hushalda som no ser ut til å dale, heiter det i rapporten.
Det vil medføre at fastlands-BNP fell i første halvår, meiner DNB, som særleg viser til at bustadinvesteringane allereie fell klart og truleg vil halde fram med å vere svake ettersom det har vorte mykje dyrare å ta opp bustadlån.
Forbruket blir svekt
Også det private forbruket, ein vesentleg del av den totale etterspurnaden i rike økonomiar, vil truleg svekkje seg i år, meiner banken.
– Kjøpekrafta blir trekt ned av prisveksten, som framleis er høgare enn lønnsveksten, og sparebufferane er ikkje like rikelege som for eitt år sidan. Kjøpekrafta blir dessutan trekt ned av markert høgare renter, heiter det i rapporten.
– Eit godt lønnsoppgjer bidreg etter kvart til å snu denne utviklinga, men i åra som kjem, ventar vi at veksten vil liggje litt under normalen, skriv DNB vidare.
Arbeidsløysa vil stige
Men ettersom arbeidsløysa framleis er rekordlåg, er det grunn til å vente eit moderat heller enn dramatisk fall i forbruket, og dermed også i økonomiane, meiner DNBs økonomar.
På sikt vil likevel arbeidsmarknaden gradvis svekkje seg, spår banken.
– Arbeidsløysa vil stige til eit nivå som er litt høgare enn siste ti års gjennomsnitt, skriv økonomane.
Dei peikar også på at situasjonen set Noregs Bank i ein skvis mellom ønsket om å halde inflasjonen nede – og rentene dermed oppe – og målet om framleis høg sysselsetjing.
(©NPK)
Publisert: 26.01.2023 11:13
Sist oppdatert: 26.01.2023 11:23