Trur skipstunnelen er kome for langt til å bli skrinlagt
Ny diskusjon om samferdselsprosjektet.
(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Onsdag sa skribent Jan Arild Snoen i
Minerva at regjeringa kan redusere oljepengebruken ved å skrinleggje
Stad skipstunnel.
– Rein symbolpolitikk, seier stortingspolitikar og tidlegare Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V).
– Det er velkjent at for kaffi latte-eliten rundt Minerva så er Stad skipstunnelen det første prosjektet ein skal dra fram i alle samanhengar der det er snakk om å spare pengar, seier Bjørlo til Nynorsk pressekontor.
Diskuterte sparetiltak
Det var under Politisk
kvarter på NRK onsdag at Snoen foreslo at regjeringa kunne skrinleggje
Stad skipstunnel for å spare inn på oljepengebruken.
– Stad skipstunnelen burde aldri vore vedtatt, sa Snoen under sendinga.
Bjørlo meiner ytringa er rein symbolpolitikk og drøvtygging frå Minerva og Snoen.
– Vi i Noreg ligg an til å bruke 1.000 milliardar på veg og jernbane dei neste ti åra. På sjøtransport er Stad skipstunnelen det einaste prosjektet av storleik. Tunnelen skal koste fire milliardar. At Snoen då har fantasi til å trekke fram det einaste prosjektet på sjøtransport som kuttmoglegheit er berre vittig, seier Bjørlo.
At Snoen då har fantasi til å trekke fram det einaste prosjektet på sjøtransport som kuttmoglegheit er berre vittig
Trur ikkje på kutt
For å spare inn på
oljepengebruken har regjeringa har varsla at fleire store
samferdsleprosjekt skal under lupa på nytt. Bjørlo trur likevel ikkje at
Stad skipstunnelen blir skrinlagt.
– For det første er prosjektet veldig lite samanlikna med dei store vegprosjekta og jernbaneprosjekta. For det andre er tunnelen det einaste prosjektet på sjøtransport. For det tredje trur eg prosjektet har komme for langt til at ein kan skrinleggje det, seier Bjørlo.
Saknar saklege argument
Jan Arild Snoen har blitt synt kritikken frå Bjørlo. Han saknar saklegheit frå stortingspolitikaren.
– Det hadde kanskje vore meir konstruktivt om Bjørlo, i staden for å more seg med karakteristikkar av motstandarane sine, hadde eit einaste sakleg argument for å bruke så mykje pengar på noko som etter alle utrekningar er samfunnsøkonomisk ulønnsamt, seier Snoen til Nynorsk pressekontor.
(©NPK)
Publisert: 31.08.2022 17:27
Sist oppdatert: 31.08.2022 17:29