Torill standal elisassen gudmund hoel kristin rotevatn nyberg foto marius
STATSRÅDBESØK: Twoday-sjef i Ålesund, Torill Standal Eliassen (t.v.), og Twoday-Norge-sjef Kristin Rotevatn Nyberg saman med minister for forsking- og høgare utdanning, Oddmund Hoel. It-selskapet har sikra seg mykje arbeid framover på oppdrag frå det offentlege. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Twoday har kapra fleire milliardavtaler

Treng fleire folk etter at å ha sikra fleire års arbeid med offentlege oppdrag.

Marius Rosbach
09.10.2024

Twoday-konsernet har sikra seg avtaler som gir arbeid i fleire år framover for ulike offentlege oppdragsgivarar. 

Det kunne Twoday Norge-sjef Kristin Rotevatn Nyberg avsløre då dei tidlegare i veka fekk besøk av kunnskapsministeren i Ålesund

Oppdraga for Helsedirektoratet, Utlendingsdirektoratet (UDI) og transportselskapet Vy, er alle i milliardklassa. 

– Det er store kontraktar for oss, seier Nyberg til Nett No.

 Vil trenge fleire tilsette 
Nyberg som sjølv har røter på Sunnmøre, leiar den norske verksemda til det danskeigde konsernet som har kring 500 tilsette i Norge. 

Storkontraktane gjer at it-konsernet vil trenge fleire tilsette framover, både i Ålesund og ved dei andre norske avdelingane. 

Nyberg seier det er vanskeleg å talfeste kor mange det dreiar seg om. Men mange av dei kring 40 nyutdanna selskapet tek inn årleg, vil til eksempel gå inn og jobbe på desse oppdraga. 

– No har vi nærare 100 konsulentar som jobbar hos Vy og hos Helsedirektoratet, legg ho til. 

Twoday Ine Sofie Loseth Kacper Nowicki Oddmund Hoel foto Marius
NYTILSETTE: Statsråden fekk helse på to av dei nytilsette i Twoday, Ine Sofie Løseth (nr. 2. f.h.) og Kacper Nowicki (t.h.), då han besøkte bedrifta denne veka. Foto: Marius Rosbach

Blei del av nordisk konsern 
Nyberg er spesielt nøgd med at selskapet har klart å hanke inn oppdraga allereie i sitt første år som Twoday. 

It-konsernet såg dagens lys mot slutten av 2022, og samla då mellom anna Visma Avento i Ålesund under same paraply. Hovudkontoret ligg i Danmark og til saman er dei nær 3000 tilsette i Norden. 

Både Twoday Ålesund og Twoday Norway fekk ein knekk i lønnsemda i 2023, samanlikna med åra før. Inntektene var likevel på eit rekordnivå med nær 130 millionar for Ålesund sin del (sjå tabell under)

Twoday Avento   
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt129,5132,1
Driftsresultat10,314,1
Resultat før skatt10,814,1

– Det gir oss ein heilt anna stabilitet 
Torill Standal Eliassen leiar Twoday i Ålesund og har no kring 90 tilsette i arbeid i Breivika i Ålesund og Ørsta. 

Ho fortel at det er ein ny situasjon å vere innunder eit større konsern. 

– Det som er fordelen med å vere samla slik vi er no, er at våre folk som tidlegare har jobba mest lokalt, også kan jobbe med store offentlege kontraktar. Det gir større fleksibilitet og moglegheiter for våre, fortel Eliassen. 

Twoday Torstein Odegard infinity vard
VARD-SKIP: Twoday har også betydeleg med oppdrag frå privat næringsliv i regionen. Torstein Ødegård fortalde denne veka korleis dei hadde vore involvert i arbeidet med Ocean Infinity-skipa som Vard har bygd. Foto: Marius Rosbach

Twoday-sjefen i Ålesund påpeiker at folk gjerne har ulike grunnar for å bli motivert til jobben. Medan nokre likar best å jobbe med gründerbedrifter, opplever andre at det er meir spennande å jobbe med større prosjekt. 

Lengda på oppdraga er også annleis ved fleire av avtalane med det offentlege.  

– Det gir oss ein heilt anna stabilitet. Til eksempel UDI-kontrakten strekker seg over åtte år, legg Nyberg til. 

Ein kuriositet er at dei som skal jobbe med UDI-oppdraget mot slutten av avtaleperioden, i dag går på vidaregåande skule. 

Gudmund hoel twoday foto marius
ÅLESUND: Twoday - tidlegare Avento - har kring 90 tilsette i arbeid i Ålesund og Ørsta. Denne veka fekk dei statsrådbesøk ved avdelinga i Ålesund. Foto: Marius Rosbach

Skal digitalisere Vy 
Vy-oppdraget dreiar seg om å vidareutvikle ein app som skal nyttast av tusenvis av passasjerar kvar dag. 

– Det dreiar seg eigentleg om å vere med å digitalisere heile Vy, fortel Nyberg. 

Det statlege transportselskapet er eigd av Samferdselsdepartementet, og driv tog- og bussruter over heile landet. Årleg blir det gjort fleire titals millionar reiser med Vy sine tilbod. Til saman har dei kring 12.500 tilsette. 

– Vår løysing skal mellom anna sørge for at det blir opplyst rette tider, og at det er tilbod der det finst passasjerar, seier Nyberg. 

Innleia samarbeid under koronapandemien 
Avtalen med Helsedirektoratet går ut på å hjelpe den statlege etaten med kommunikasjon dei neste åra. 

Allereie under koronapandemien innleia selskapet eit samarbeid med helsestyresmaktene, der dei jobba med å informere om alt frå smittevernsreglar til  vaksiner og testing. 

 – Då måtte vi på veldig kort tid lage løysingar som det på ingen måte var infrastruktur på plass for i utgangspunktet, fortel Twoday Norge-sjefen. 

UDI-avtale på åtte år 
Oppdraget for Utlendingsdirektoratet (UDI) er den lengste avtalen selskapet har sikra seg, og går over heile åtte år. 

– Vi skal hjelpe UDI med saksbehandlinga slik at dei kan levere effektive løysingar til menneske som står i ein sårbar situasjon, forklarar Nyberg. 

I tillegg til å skape best mogleg flyt av data gjennom systemet, dreiar det seg også her om å lage løysingar som raskt kan skalerast opp, avhengig av pågangen av folk som kjem til landet. 

Også på dette oppdraget har tilsette frå Ålesund vore inne i bilde.  

– Ein av våre utviklarar var med å lage metodar for verifikasjon og søknadsskjema på dette, legg Eliassen til.

Publisert: 09.10.2024 05:00

Sist oppdatert: 09.10.2024 09:53

Mer om