Geir Johan Bakke dgl Froystad Nor Fihsing 2024 Ogne
KONKURRANSE: Frøystad-sjef Geir Johan Bakke er på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim denne veka. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tøffare i fiskevegnbransjen

Marginane krympa for fiskevegnbedriftene. Sjå resultatoversikt.

21.08.2024

Bedriftene som lagar garn, nøter, liner, teiner og anna utstyr fiskarane treng for å få fangsten om bord, har blitt større gjennom oppkjøp.

Men dei har ikkje blitt meir lønsame, tvert i mot.

Resultatmarginen - resultat før skatt i prosent av driftsinntektene - har krympa for selskapa i Nett No si oversikt dei siste åra.

Sjå resultatoversikt under saka

Det er tilfelle også om vi held Mørenot Aquaculture utanfor, selskapet med størst underskot dei tre siste åra.

Mest att hos dei minste
I 2023 var det selskapet Fiskevegn som sat att med flest kroner i overskot i høve til driftsinntektene. Det er fjerde minste selskapet i Nett No si oversikt.

To av selskapa som er enda mindre, Frøystad og Fosnot har høvesvis andre og tredje relative lønsemd.

Hos dei største er det berre Selstad-konsernet i Måløy som har ein resultatmargin på over to prosent.

Bakgrunn:

Fleire prishopp
Dagleg leiar Geir Johan Bakke i Frøystad ønskjer seg stabilitet.

I staden har han og resten av bransjen fått fleire kostnadshopp på sine råvarer dei siste åra.

– Konkurransesituasjonen er prega av at det er veldig gode konkurrentar. Og så har det vore fleire rundar med prisauke, og det har pressa marginane, seier Bakke.

Både Selstad- og Mørenot-konsernet har tidlegare varsla at dei er ute etter vekst også gjennom oppkjøp.

Den konsolideringa i bransjen som slike oppkjøp er en del av, trur Bakke vil halde fram - men nett no går den prosessen svært sakte. Renteauke og pressa marginar har gjort at bedriftene har nok med seg sjølv i ein periode, etter Bakke si vurdering.

Krympa marginar for fiskevegnbransjen
Resultata for selskap som lager garn, nøter, liner, tauverk, presenningar og liknande utstyr for fiske- og oppdrett
I mill. kroner
Driftsinntekt Res.f.skatt
2023 2022 2023 2022
Egersund Group (konsern) 4744,9 4421,5 39,6 30,8
Mørenot Fishery as 531,7 567,9 -1,5 64,6
Mørenot Aquaculture as 634,7 478,2 -57,1 -73,2
Selstad Holding as (konsern) 1182,1 1033,5 20,9 20,1
Fiskevegn as (konsern) 121,3 107,0 10,5 9,6
Frøystad as 64,7 57,8 2,2 3,4
Plany as 48,8 42,4 0,3 2,3
Fosnot as (tidlegare Fosnavåg Notbøteri) 29,0 28,9 0,8 0,7
SUM 7357,2 6737,2 15,7 58,3

Publisert: 21.08.2024 05:00

Sist oppdatert: 20.08.2024 19:54

Mer om