Konkurrerer mest på pris
Hard konkurranse om kundane i fiskevegnbransjen. Sjå resultatoversikt.
NETT NO-barometeret:
- Vi har vunne mange kontrakter med lavast dekningsgrad, seier Plany-sjef Kjell Åge Saure om korleis marknaden har vore så langt i år. Det betyr at det blir konkurrert på pris.
Selskapet i Sande lagar mellom anna luseskjørt til vern mot luseangrep i oppdrettsanlegg og presenningar for behandling mot lakselus i sjøbaserte oppdrettsanlegg. Bedriftene i bransjen Plany er i, lagar også garn, nøter, liner, teiner og tauverk for oppdrettselskap og fiskarar.
Den tøffe konkurransen viser seg også i rekneskapa til bedriftene (sjå tabell under). Samla sett fekk dei redusert resultatmarginen (resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene) frå 2,4 prosent i 2021 til 1,8 prosent i 2022.
- Under vignetten NETT NO-barometeret, ser vi på korleis det går med bransjar på Nordvestlandet. Dette er niande artikkel med utgangspunkt i 2022-rekneskapa (sjå alle artiklane under)
Konsolidering
Bransjen er også prega av store selskap med ambisjonar om å bli enda større og å bidra til ei konsolidering i bransjen.
- Det er tøff marginpress og det er sterk konkurranse. Det at både vi og andre ønskjer å slåst om marknadsandelar, gjer at det blir slik, sa no avtroppande Mørenot-sjef Arne Birkeland til NETT NO i 2019.
Året før vart Mørenot kjøpt av investeringsselskapet FSN Capital, som varsla ambisjonar om vekst mellom anna gjennom oppkjøp og samanslåingar.
Overtok Mørenot-konsernet
Islandske Hampidjan var også på jakt etter Mørenot i 2018, men trekte seg frå konkurransen den gangen. Utviklinga for Mørenot-konsernet vart truleg ikkje heilt som FSN Capital venta, med tosifra millionunderskot og beskjeden vekst frå 2019.
I fjor kom Hampidjan på banen igjen og overtok Mørenot-konsernet tidlegare i år.
Best lønnsemd for Fiskeveg
Etter Mørenot-kjøpet har det islandske Hampidjan-konsernet fått eit større fotfeste i den norske marknaden. Dei to andre store aktørane er Egersund Group og Selstad-konsernet i Måløy.
På toppen, målt etter lønsemd, er Fiskevegn, med ein resultatmargin på over ni prosent både i 2021 og 2022.
Fiskevegn har spesialisert seg på liner og tauverk til linefisket, og søsterselskapet BFG (Best Fishing Gear) lagar automatiske linesystem. Dei to selskapa - med 40 tilsette - er dei viktigaste i Fiskevegn-konsernet, som har hovudkontor og hovudanlegg på Flatraket i Stad kommune.
Små marginar | ||||
Resultata for selskap som lager garn, nøter, liner, tauverk, presenningar og liknande utstyr for fiske- og oppdrett | ||||
I mill. kroner | ||||
Driftsinntekt | Res.f.skatt | |||
2022 | 2021 | 2022 | 2021 | |
Egersund Group (konsern) | 4421,5 | 3993,6 | 30,8 | 115,2 |
Holding Cage I as (Mørnot-konsernet) | 1394,7 | 1335,1 | -79,4 | -10,9 |
Selstad Holding as (konsern) | 1055,5 | 1004,4 | 36,9 | 47,7 |
Fiskevegn as | 103,1 | 82,8 | 10,0 | 7,8 |
Frøystad as | 57,8 | 54,4 | 3,4 | -2,6 |
Plany as | 42,4 | 35,8 | 2,3 | -0,7 |
Fosnavåg Notbøteri as | 28,9 | 21,0 | 0,7 | 2,0 |
SUM | 10632,9 | 6527,1 | 190,2 | 158,5 |
Hampidjan (proformaregnskap inkludert Mørenot-konsernet. Tal i Euro | 333,0 | 13,6 |
Les også
Tjukkare ordrebok i år og færre skipsverft i minus i fjor enn året før. Sjå resultatoversikt.
Tøft for møbelindustrien etter korona. Sjå resultatoversikt.
Bryggeria står stille og brenneria veks. Sjå resultatoversikt for bransjen på Nordvestlandet.
Publisert: 13.09.2023 09:30
Sist oppdatert: 13.09.2023 10:38