Toeffare aa rekruttere fraa utlandet
KONKURRANSE: Magne Gurskevik (i midten) i Kleven Maritime Contracting seier konkurransen om fagfolk er blitt tøffare i Europa og Nord-Amerika det siste året. Her er han saman polske Agnieszca Skår Bogdan Bindiu frå Romania.
Nytt

Tøffare å rekruttere frå utlandet

I løpet av siste året har Magne Gurskevik merka eit klart omslag. Det er blitt tøffare å rekruttere frå utlandet.

13.11.2018

Gurskevik er styreleiar i Maritim forening Søre Sunnmøre og dagleg leiar i Kleven sitt rekrutteringsselskap Kleven Maritime Contracting. Han har arbeidd med rekruttering frå utlandet til norsk skipsbygging i ei årrekkje og merkar at det er betre tider og stigande løner ute i Europa og i Nord-Amerika.

Arbeidsgivarar i utlandet er på jakt etter fagfolk hos Kleven.

- Vi har opplevd aktiv rekruttering både frå USA, Canada og Europa, seier Gurskevik.

Betre betalt
Store deler av den utanlandske arbeidsstokken på norske skipsverft kjem frå Aust-Europa. Der har både lønsnivået og tilbodet av jobbar blitt meir lokkande.

- Folk i Polen og Romania, som eg kjenner, seier at der er eit lønsnivå som dei føler dei kan leve med, seier Gurskevik.

Konsekvensen er at fleire blir i heimlandet.

Skjerpa konkurranse
Utanlandske fagfolk i norsk verftsindustri har ofte kompetanse som er etterspurt også i andre bransjar.

Det er ikkje berre i Aust-Europa lønningane stig, men også i Vest-Europa og i Nord-Amerika.

- Det er konkurranse om gode arbeidsfolk, både i Europa og på andre sida av Atlanteren, seier Gurskevik.

Færre kjem att
Nav i Møre og Romsdal anslo i fjor at 1500 utlendingar som mellom anna arbeidde på skipsverfta reiste heim frå Møre og Romsdal etter at oljeprisen fall og aktiviteten hos verft og utstyrsindustri fall.

I sommar åtvarar Nav-sjef Stein Veland om at det ikkje er sikkert det er like lett å få dei tilbake, og oppmoda næringslivet om å satse på å rekruttere lokalt.

Publisert: 13.11.2018 14:04

Sist oppdatert: 30.09.2023 12:06