Ulmatec Hareid innfelt stig ulstein foto ulmatec marius 11
VENTAR VEKST: Ulmatec-sjef Stig Ulstein (innfelt) leiar Ulmatec-konsernet som har utvida på Raffelneset dei siste åra. Ulstein ventar vekst i 2023. Foto: Ulmatec/Marius Rosbach
Nytt

Ventar vekst etter nytt godt år

– Rimeleg nøgd, er Ulmatec-sjefens konklusjon for fjoråret. I år peikar pilane oppover.

Marius Rosbach
21.07.2023

– Vi vil tene pengar i år også, sa Ulmatec-sjef Stig Ulstein i fjor – og fekk rett. Resultat før skatt på meir enn 23 millionar, er det beste for konsernet sidan 2019.

Ulmatec-konsernet omsette for 408 millionar i fjor, som er ein liten nedgang frå 2021. Samtidig vart lønnsemda betra samanlikna med året før (sjå tabell under).

Konsernsjefen jublar likevel ikkje over ein resultatmargin på 5,6 prosent og ei «flat omsetning».

– Vi er ikkje nøgd med resultatet for 2022 isolert sett. Men det er mange ting som har skjedd og påverka drifta, så samanlikna med andre i same marknad, er vi rimeleg nøgd, seier Stig Ulstein til NETT NO.

Ulmatec (konsern)
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
408
413,7
Driftsresultat
24,819,1
Res. før skatt

23,2

17,4

– Veldig bra ordreinngang
Ulmatec-konsernet (Ulstein Marine Technology) består av sju selskap, som oppstod i kjølvatnet av salet av Ulstein-gruppa til britiske Vickers.

Aktiviteten auka gjennom fjoråret og det same gjorde arbeidsstokken. Konsernet hadde 163 årsverk i arbeid – ei auke på 9 frå året før.

For inneverande år ventar Ulstein at pilane vil peike oppover både for omsetninga og resultatet.

– Vi har hatt veldig bra ordreinngang, og ser ut til å få grei vekst, så vi er rimeleg komfortable med 2023, seier han.

Kraftig vekst på ettermarknad
Sal av ulikt avansert maritimt utstyr er hovudinntektskjelda til selskapa i konsernet og står for kring 330 millionar av omsetninga. Samtidig viser årsrapporten at inntektene frå service- og ettermarknad auka kraftig i fjor frå 30 til 69 millionar.

Kring halvparten av inntektene kom i 2022 frå norske kundar, medan USA er på 2. plass med 64 millionar. På plassane deretter følgjer Storbritannia og Europa elles.

I årsrapporten blir Ukraina-krigen trekt fram som eit risikomoment framover. Det kan påverke både prisauke, leveringstid – og sikkerheit på elektroniske komponentar – i tillegg til tilgang på råvarer som stål og aluminium.

Koronapandemien har påverka drifta betydeleg dei siste åra, men er no historie.

Har utvida på Hareid
Ulmatec har utvida anlegget på Hareid og har køyrt eit investeringsprogram som inkluderer ei større utviding med ny kai på Raffelneset.

Nyleg kom også Gurskøy-selskapet Shok Partner innunder Ulmatec-paraplyen, etter eit oppkjøp i år.

Eigenkapitalen i konsernrekneskapen var ved utløpet av 2022 på 171 millionar og samla gjeld på 203 millionar.

14 eigarar
Stig Ulstein og familien har den største aksjeposten av dei 14 eigarane i konsernet. Via selskapet Ulmar, eigd dei drygt 32 prosent av aksjane.

Nest størst er Borgstein Invest, som er eigd av søskena Ingunn Ulstein Botnen, samt Svein Idar, Håvard, Morten og Henning Ulstein. Selskapet har ein eigardel på drygt 27 prosent.

Publisert: 21.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 20.07.2023 21:00

Mer om