Arnt Inge Gjerde Vard direktør Søviknes foto Kristin Støylen
LEVERT FRÅ SØVIKNES: Verftsdirektør Arnt Inge Gjerde ved Vard Søviknes i samband med flaggseremonien for cruiseskipet. Foto: Kristin Støylen/Vard
Nytt

Vard leverte rekordstort cruiseskip

– Eineståande, seier verftssjef om det nye flaggskipet til Ponant-reiarlaget. Snart skal skipet ut på cruise.

Marius Rosbach
03.08.2021

Vard har levert cruiseskipet «Le Commandant Charcot» til det franske reiarlaget.

Flaggseremonien om bord fann stad førre veke, opplyser Vard-konsernet i ei pressemelding tysdag.

– Vi er stolte over å levere eit eineståande skip til Ponant, ferdig testa og innretta for polare ekspedisjonar, uttalar verftsdirektør Arnt Inge Gjerde ved Vard Søviknes i meldinga.

Kontraktsverdi på 2,7 milliardar
Sjølv om skipet ikkje er stort samanlikna med mange andre cruiseskip, er det 150 meter lange og 28 meter breie skipet eitt av dei største Vard-verfta har bygd.

Vi er stolte over å levere eit eineståande skip til Ponant
Arnt Inge Gjerde

Med ein kontraktsverdi på 2,7 milliardar er skipet samtidig eitt av dei dyraste Vard har bygd.

Truleg er det berre Kjell Inge Røkke sitt Rev Ocean-skip som har kosta meir, men nyleg har også Vard fått ein 222 meter lang luksusyacht i ordreboka. Prislappen på dette skipet skal vere heile fem milliardar.

(saka held fram under)

Le Commandant Charcot ponant Vard foto Nicolas Dubreuil
SNART PÅ SEGLAS: «Le Commandant Charcot» har plass til 245 passasjerar og eit mannskap på kring 215. I haust skal skipet ut på cruise til Sørishavet, ifølgje heimesida til reiarlaget. Foto: Nicolas Dubreuil/Vard

Hybriddrift og isklassa
«Le Commandant Charcot» er den sjuande leveransen til det franske reiarlaget.

Skipet er nyskapande på fleire vis ved at det får hybrid framdriftsmaskineri levert av Wärtsilä med moglegheiter for både LNG- og batteri-drift.

Fartøyet er utvikla av Vard i samarbeid med Ponant-reiarlaget, Stirling Design International og Aker Arctic.

Skal til Sørishavet i haust
Cruiseskipet blir også det første fartøyet til reiarlaget, som vil vere isklassa. Det gjer at passasjerane kan bli teke med til nokre av verdas mest utilgjengelege område.
Ifølgje heimesida til Ponant er det planlagt seglasar med skipet til Sørishavet i oktober og november.

Tidlegare er det opplyst at skipet skal segle frå Spitsbergen til den geografiske nordpol i desember, men den seglasen står ikkje oppført på heimesidene.

Måtte jobbe dobbelt skift
Søviknes-verftet til Vard har hatt cruiseskipet under arbeid sidan i fjor sommar, då skroget blei slept frå Romania.

Då koronapandemien slo til i fjor vår, blei arbeidarane nøydde til å jobbe to skift for å halde tidsskjemaet. Årsaka var at dei at omsynet til smittevern, ikkje skulle vere for mange tilsette inne på området samtidig

Publisert: 03.08.2021 11:25

Sist oppdatert: 03.08.2021 11:39

Mer om