Stor Vard kontrakt til Vietnam verft
AVTALE: Desse skipa som Vard byggjer i Vietnam blir utrusta med ballastvassreinseanlegg frå Norwegian Greentech. Illustrasjon: Vard
Nytt

Vard-oppdrag for Norwegian Greentech

Skal levere til åtte Vard-skip.

20.12.2021

Det er reinseanlegga for ballastvatn til åtte fjernstyrte skip Norwegian Greentech skal levere.

Det er ein av dei største kontraktane selskapet har inngått med eit verft, seier sals- og marknadsdirektør Børge Gjelseth til NETT NO.

Vard skal bygge skipa for "ein ikkje namngitt kunde", ifølgje pressemeldinga frå Norwegian Greentech. Bygging skjer på Vard sitt verft i Vietnam.

Tidlegare i år Norwegian Greentech ein avtale om å levere ballastreinseanlegg til Green Reefers sine 19 skip.

Då sa Gjelseth at eit ballastreinseanlegg kostar mellom 0,6 og 1,5 millionar kroner.

I 2020 inngjekk selskapet sin hittil største avtale, om å installere reinseanlegg i reiarlaget Wilson sine 120 skip.

Norwegian Greentech er frå 1. kvartal i år ein del av børsnoterte Hav Group, som eig 77,2 prosent av selskapet. Resten er eigd av gründerane Håvard, Børge og Terje Gjelseth.

Norwegian Greentech as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt75,467,4
Driftsresultat8,95,1
Resultat før skatt8,33,8

Publisert: 20.12.2021 09:11

Sist oppdatert: 20.12.2021 09:16

Mer om