Jan Rune Hurlen Foto Ogne
REKORD: Konkurransen om arbeidskrafta strammar seg til og Jan Rune Hurlen i Sparebank1 SMN seier tilgangen på arbeidskraft er den største utfordringa for næringslivet nett no. Foto: Ogne Øyehaugtrur
Nytt

Ventar høgare lønsvekst

- Når det er mangel på arbeidskraft er matematikken ganske enkel, seier Jan Rune Hurlen, og spår høgare lønsvekst framover.

03.12.2021

Hurlen er konsernbanksjef i Sparebank1 SMN, med ansvaret for banken sine næringslivsengasjement på Nordvestlandet.

Konjunkturbarometeret som banken nyleg la fram har aldri tidlegare registrert så mange bedrifter som opplever mangel på arbeidskraft som ein faktor som begrensar veksten.

- Greier dei å skaffe nok arbeidskraft? Det er den største utfordringa for bedriftene no, seier Hurlen.

Må vere attraktive
Førebels er ikkje ein lønskarusell der bedriftene skrur opp lønen for å rekruttere frå andre blitt ein snakkis blant kundane til banken, seier Hurlen.

- Viss dette vedvarer så vil det sette press på lønningane, seier han.

Konkurransen om folk kjem også til å gjere det viktigare for bedriftene ut over å betale godt.

-Eg trur at det er dei attraktive bedriftene som er vinnarane i dette, seier Hurlen. Han peikar på at bankane sitt berekraftsbarometer indikerer at folk i aldersgruppa 25-30 søkjer til bedrifter som også er opptatt av berekraftig drift ut frå eit miljøperspektiv.

Automatisering og digitalisering
Den verdsomspennande koronaepidemien har forstyrra dei internasjonale forsyningslinene.

- No ser ein med all sin velde dei utfordringane det har skapt, seier Hurlen. Fleire bedrifter søkjer å flytte produksjon heim, som forsterkar etterspørselen etter arbeidskraft.

Meir digitalisering og automatisering er heilt naudsynt for å kunne klare å auke produksjonen når arbeidskraft er mangelvare, etter Hurelen si vurdering. Det er tiltak som også gjer det enklare å justere produksjonen etter etter etterspørselen, utan tilsvarande svingingar i arbeidsstokken.

Oslo-konkurransen
Nordvestlandet har også den langvarige tendensen i flyttestraumen mot seg, der folk blir trekt mot større byar, og spesielt Oslo.

Den tendensen trur Hurlen vil fortsette, men kanskje ikkje like sterk som før. Og utvikling av eit sterkt Ålesund vil vere viktig for attraktiviteten til heile Nordvestlandet, etter Hurlen si vurdering.

- Eg trur du er heilt avhengig av å ha ein motor med dei urbane kvalitetane, seier han.

Publisert: 03.12.2021 08:44

Sist oppdatert: 03.12.2021 08:43