Veks på energi som går til spille
Energigjenvinning er ei lita investering. Likevel kan denne moglegheita til utsleppskutt nyttast langt meir.
Ulmatec Pyro i Søvika opplever større interesse for betre energiutnytting om bord på skip.
Selskapet som lagar utstyr som aukar energiutnyttinga på ulike måtar, har mellom anna kapra store delar av marknaden for nybygde vindskip. No snusar dei også på marknaden for riggar på sokkelen.
– Vi har solid ordrebok og skal tilsette fleire folk, fortel administrerande direktør Bernt-Aage Ulstein til NETT NO.
Her meiner vi det er eit stort potensial i arbeidet industrien skal gjere med det grøne skiftet
Ulmatec-selskapet har allereie lagt bak seg nokre solide vekstår og kome med fleire
nyvinningar. No planlegg dei å trappe opp salsarbeidet under merkenamnet Ulmatec Thermal Solutions.
– «Waste energy» eller restenergi, er råvaren vår. Her meiner vi det er eit stort potensial i arbeidet industrien skal gjere med det grøne skiftet, seier han.
Får meir ut av drivstoffet
Grovt sagt går kring 40 prosent av energien frå
forbrenningsmotorar, til å drive båten framover og gi elektrisitet om
bord. Resten går ofte til spille, eller den kan bli nytta til å varme
opp – eller kjøle ned – områder av skipa, etter behov.
Ulmatec Pyro-sjefen peiker på store moglegheiter til å bruke energien smartare enn mange gjer i dag. Samtidig observerer han at skip bli bestilt utan slike system. Det synest han er vanskeleg å forstå.
– Det er store variasjonar, men i praksis vil alle båtar ha moglegheit til å nytte energien meir, seier han.
Enkelt sagt gjer løysingane til Ulmatec-selskapet at reiarane får meir ut sav drivstoffet, i staden for at energien går til spille. Slik går også utsleppa ned.
– Vi har gjort case-undersøkinger der vi har kome opp i 70 prosent utnytting av drivstoffet, fortel han.
Sparte 500 tonn drivstoff på halvanna år
Til eksempel gjenvinning av varme, er ikkje nytt i skipsfarten, men
graden av utnytting varierer stort. Samtidig kan Ulmatec Pyro levere
automatiserte løysingar som kan tilpassast ulike system.
– Vi «lyttar» på kva delar av systemet som treng varme, så sparar vi drivstoffet som elles ville vore brukt til å køyre ein hjelpemotor til eksempel.
Ulstein viser fram ei anna utrekning frå ein nøgd amerikansk kunde. Dei hadde spart 500 tonn drivstoff på halvanna år med å ta i bruk Ulmatec sine løysingar. Ein anna reiar fann ut at dei kunne spare eit generatorsett ved betre energiutnytting.
Leverer varme eller kulde rundt i skipet
I tillegg til å hauste varme frå motorane, kan systemet hente
energi frå eksosen. Alt samlast i ein fordelingsmodul som til eksempel
leverer vassbore varme ut til delane av skipet med mannskapslugarar.
– Det er mogleg å spare opptil 100 prosent av kostnaden til oppvarming. Og mange veit ikkje ein gong kva kostnaden til dette er i dag, seier Ulmatec Pyro-sjefen.
Ulstein fortel at systema deira er fleksible og kan nyttast på ulike måtar. Til eksempel kan systemet blir fora med varme – og skape kulde ut.
– Vi fekk nettopp vår første kontrakt på ei slik løysing på eit vindskip for Esvagt. Då laga vi eit felles system saman med eit selskap i Bergen, fortel han.
Størst interesse i fiskeflåten
Sjølv om det er mykje merksemd kring batteridrift og nullutslepp i
skipsfarten, blir dei aller fleste båtar framleis bygd med
dieselmotorar. Andre driftsformer med lågare utslepp, ligg fleire år fram i tid for
dei fleste skipstyper.
Energigjenvinning kan takast i bruk for å kutte utslepp allereie i dag, understrekar Ulstein.
– Vi opplever at skipsdesignarar og reiarar er veldig interessert i desse løysingane no, seier han.
Han meiner nøkkelen er direkte bruk av varme allereie i utviklingsfasen, i staden for å gå vegen om elektrisitet.
– Dei som fattar mest interesse er dei som betalar drivstoffet sitt sjølv. I fiskeflåten merkar vi kjempeinteresse. Også cruise og ropax er det aktivitet, og no har brønnbåtreiarlaga starta å kome, seier Ulstein.
Riggar på sokkelen er mellom dei nyaste områda dei har starta å jobbe med, for å undersøke kva moglegheiter som finst.
Prestisjekontrakt på Kystruten-skipa
Fleire kundar har allereie oppdaga kvalitetane ved slik
varmegjenvinning. Mellom anna har Ulmatec-selskapet levert til Havila
Kystruten sine fire skip.
– Den avtalen er vi stolte av, og her fekk vi kome inn tidleg i designfasen. Vi sette som mål at båten ikkje skulle sleppe ut energi eller varmt vatn i sjøen, seier han.
Om bord i Kystruten-skipa fangar dei eksos, samtidig som dei utnyttar kjølevatn både på låg og høg temperatur, i eit av dei mest avanserte systema Ulmatec har laga.
– Her har vi rekna ut at dei truleg har spart inn desse investeringane på 13-14 turar Bergen-Kirkenes, seier Ulstein.
Oppdrag på Olympic-skip og kystvakta
Frå reiarar som vil bygge nye vindskip, som Olympic-reiarlaget frå
Herøy og danske Esvagt, har det vore stor interesse for denne måten å
tenke energigjenvinning på. Løysinga blir også levert til dei splitter
nye kystvaktskipa som blir bygd av Vard.
Det finst samtidig få konkurrentar som byr på dei same moglegheitene som Ulmatec Pyro. Den største konkurrenten er gjerne enklare løysingar som byggeverfta sjølv tilbyr.
– Vår styrke er at vi har ein standardisert programvare for å styre funksjonane. Den er lik på ein fiskebåt eller ein cruisebåt, og er kostnadsbesparande både for verft og reiar, seier han.
Stort vekstpotensial for elektrisk kraft av varme
For store delar av handelsflåten som framleis seglar på tungolje, kan
løysingane frå Ulmatec-selskapet også vere interessant å nytte.
Om bord på desse skipa blir det nytta damp for å gjere olja meir flytande, men etterpå blir den gjerne dumpa til sjøs.
– I staden for å dumpe den, så kan det bli laga elektrisk kraft, som kan nyttast om bord, fortel Ulstein.
I 2023 skal dei to første båtane med dette systemet setjast i drift.
– Drivstoffkostnadene vil uunngåeleg auke
Han peiker på at deira løysingar også er aktuelle om bord på båtar som er klargjort for bruk av hydrogen, metanol eller ammoniakk.
– Det er framleis snakk om forbrenningsmotorar, han.
Og sjølv om drivstoff med lågare utslepp blir tilgjengeleg, spør Ulstein om skipsfarten har råd til å la vere å optimalisere energiutnyttinga meir enn i dag.
– Drivstoffkostnadene vil uunngåeleg auke i åra som kjem, som følgje av strengare reguleringar og miljøavgifter, påpeiker Ulstein.
Publisert: 28.01.2023 05:00
Sist oppdatert: 28.01.2023 09:52