Koronabremsen er historie for Ulmatec
Den nye maritime statsråden besøkte konsern som snusar på rekordomsetning. Snart blir det utviding og nybygg på Hareid.
Den nye statsråden på det maritime området, Bjørnar Skjæran (Ap), var imponert over det han fekk høyre under besøket ved Ulmatec Handling Systems tysdag.
Administrerande direktør Iver Bjørnerem kunne fortelje at konsernet ligg an til ei omsetning på 400 millionar i år. For Ulmatec Handling Systems på Hareid rekna han med ei omsetning på 120 millionar. Begge deler er på nivå med rekordåret 2019.
Oppsving i offshore vind og subsea
Konsernet har ein svært variert verksemd, og det er fleire marknader som dreg opp.
– Det er til eksempel høg aktivitet på offshore vind og samtidig merkar vi eit oppsving på subsea-marknaden, fortel Bjørnerem til NETT NO.
Fjorårsresultatet blei bremsa av koronapandemien, som mellom anna stakk kjeppar i hjula for mykje av verksemda som kravde reising.
(saka held fram under)
Skal utvide og bygge nytt
Ulmatec har utvida området på Raffelneset mykje dei siste åra. Totalt er
arealet no på nær 70 mål etter utfylling og kaiutbygging. Leiinga kunne
fortelje at dei har planar om å utvide med ei utfylling på kring 35 mål
i tillegg.
Bjørnerem anslo at dei har investert kring 100 millionar kroner til no – og meir er altså på gong.
– Det er planar om meir kai, nye kontorfasilitetar, lagringshallar og meir produksjonsareal framover, fortalde han til Ap-statsråden.
Konsernet har 200 tilsette til saman, medan Ulmatec Handling Systems på Hareid har kring 35 fast tilsette.
Satsar på vindkraft i USA
Ulmatec-konsernet består av sju selskap, som oppstod i
kjølvatnet av salet av Ulstein-gruppa til britiske Vickers. I tillegg
til den stadig større verksemda på Hareid, er Ulmatec Pyro i Søvika og
skipsserviceselskapet størst mål etter omsetning.
Dei har jobba målretta mot den amerikanske marknaden over fleire år, som gir dei eit fortrinn i den kraftig veksande havvindmarknaden i USA.
– Det blir veldig spennande og er ein interessant marknad. USA og Brasil er veldig offensive på offshore vind, fortel Bjørnerem.
Ulmatec-sjefen fortel at det samtidig er eit strategisk val å satse i USA, ettersom konkurransen blir tøffare på den europeiske marknaden.
Tidleg ute i vindkraft
Hareid-bedrifta var tidleg inne på marknaden for vindkraft offshore, og hadde sitt første oppdrag i samarbeid med Island Offshore allereie i 2011.
– Til no har vi levert 17-18 tårn og andre type installasjonar til vind offshore, seier Bjørnerem.
Etterspurnaden har gått i bølgedalar, men han anslår at kring 20 prosent av omsetninga deira no har samanheng med utbygging av vindkraft.
Publisert: 03.11.2021 16:04
Sist oppdatert: 03.11.2021 17:27