Havlilje Hofseth 11 foto Hofseth
HJØRUNGAVÅG: Ved hjelp av store kraner fekk Hofseth ei ny type merd i sjøen i helga. Den er utvikla i samarbeid med Bauta Maritime og bygd ved Havila sitt verft i Hjørungavåg. Merda som har ein diameter på 62 meter skal senkast ned i sjøen. Foto: Hofseth
Nytt

Vil doble seg på oppdrett med laksevekst

Hofseth tek i bruk ny type merd. Planlegg å hente kapital i løpet av året.

Marius Rosbach
02.03.2026

I årsmeldinga til Hofseth International kjem det fram at konsernet vil gjere ei omlegging frå aure til lakseoppdrett. 

Toppsjef Roger Hofseth fortel til Nett No at all veksten framover vil kome på laks. Produksjonen av aure vil haldast om lag på dagens nivå.  

– Vi ser at laksen gjer det betre enn venta på mange område ved anlegga inne i fjordane. Difor vil vi fokusere meir på laks, legg Hofseth til. 

– No får vi betalt
I fjor utgjorde aure og laks om lag halvparten kvar av oppdrettsfisken frå Hofseth International-konseret. Då Hofseth kjøpte oppdrettsverksemda frå Fjordlaks for ti år sidan, dreiv dei berre med oppdrett av aure. 

Hofseth påpeiker at selskapet for nokre år tilbake flytta fleire av anlegga i Storfjorden, for å sikre best mogleg drift. 

– No får vi betalt både for grepa med å flytte på lokalitetane og alle investeringane som er gjort, seier han.

Roger Hofseth med smolt Tafjord foto Marius
TAFJORD: Roger Hofseth planlegg å legge om til meir laks og mindre aure i oppdrettsanlegga framover. Difor vil smoltanlegget i Tafjord framover berre produsere laks. Foto: Marius Rosbach

Vil doble volumet med nye anlegg
For augneblinken er Hofseth meir interessert i å snakke om deira nyaste investering på oppdrett som kom i sjøen ved Hjørungavåg i helga. 

Det er snakk om ei stor merd kalla «Sea Lilly» - eller «Havlilja», som er senka ned i sjøen.

Metoden skal gi langt mindre luseplagar, og Nett No omtala nyleg dei gode erfaringane selskapet har gjort seg med den første typen nedsenkbar merd på Bugane i Storfjorden.

I tillegg har konsernet lagt inn bestilling på seks lukka anlegg med «Egget»-konseptet, der den første er sett i produksjon. 

– No skal vi sette i gong desse prosjekta og sørge for at alt funkar. Når vi får på plass alle dei nye anlegga vil vi doble volumet frå oppdrett, fortel Hofseth. 

Det vil innebere ein produksjon på kring 30.000 tonn fisk. I 2025 nådde konsernet ein produksjon på 14.000 tonn.

Havliljen Hofseth Illustrasjon Nekst
BLIR SENKA NED I VATNET: Den nye typen oppdrettsmerd blir senka ned i sjøen med toppen kring 15 meter under havoverflata, og forankra på botnen. Slik kjem fisken under dei øvre sjikta i sjøen, der det er mest lus. Illustrasjon: Nekst AS

Vil hente meir kapital i år
Hofseth International fekk på plass ny finansiering av selskapet på slutten av fjoråret. No vil dei å hente meir pengar i løpet av året. 

– Vi planlegg å hente meir kapital og har starta arbeidet. Vi reknar med at det vil falle på plass i løpet av året, seier Hofseth. 

I årsmeldinga kjem det fram at eksisterande eigarar har forplikta seg til å gå inn med pengar. Samtidig er det naturleg å søke eksterne investorar, seier Hofseth.

– Kva med børsnotering. Er det aktuelt? 

– Vi har nok å jobbe med framover. Ei børsnotering er ikkje diskutert, svarar Hofseth. 

Trur USA-marknaden kjem tilbake
Årsmeldinga for 2025 viste lågare inntekter og eit betydeleg underskot for Hofseth International i fjor. Inntektsnedgangen er påverka av lågare prisar, medan resultatet blir drege ned av eingongskostnader i samband med refinansieringa. 

Roger Hofseth ser uansett lyst på framtida. Han meiner nedgangen dei opplever i eksporten til USA vil vere forbigåande. 

– USA er ein sterk og betalingsvillig marknad, og Trump lev ikkje evig. Akkurat no er det ein del støy, men marknaden vil ikkje forsvinne, seier Hofseth til Nett No. 

Låg dødelegheit i anlegga
Høg dødelegheit har vore ei plage for oppdrettsnæringa i fleire år. 

Tal frå Havforskningsinstituttet viste nyleg at mellom 14 og 16 prosent av fisken i norske anlegg døydde før dei nådde slaktevekt. 

Ifølgje årsmeldinga hadde Hofseth-konsernet ei dødelegheit på drygt fire prosent – som truleg er mellom dei beste i bransjen. 

– Vi har hatt full fokus på låg dødelegheit i fleire år, og det visast igjen, er Hofseth sin kommentar. 

Publisert: 02.03.2026 16:30

Sist oppdatert: 02.03.2026 16:30

Mer om