Glen Bradley foto Ogne
KJØPTE SELSKAPET: Glen Bradley hadde ein aksjepost på ein halv prosent i Vuu. No eig han heile selskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil gi Vuu nytt liv

Rostein-direktøren har kjøpt ut medeigarane i medieteknologiselskapet Vuu. Satsar som it-konsulentselskap.

01.02.2023

Rostein-direktør Glen Bradley var ein av investorane som satsa på at Vuu skulle skape ein kommersiell suksess.

Ideen var å tilby filminteresserte ekstra informasjon om skodespelarar, innspelingsstadar og bakgrunnshistoria bak filmane - direkte på TV-skjermen samstundes med at filmen gjekk.

Det lukkast ikkje.

Ned til null
Største aksjonær, investeringsselskapet Pir III, skreiv i 2021-rekneskapen ned verdien av investeringa si i Vuu frå 20,7 millionar kroner til null.

Systemet Vuu utvikla blei seld til den amerikanske streamingstenesten Plex i fjor haust ifølgje Sunnmørsposten.

No har Bradley kjøpt ut dei øvrige eigarane i Vuu og døypt om selskapet til Vuu IT.

It-selskap
- Eg meiner det ligg eit godt utgangspunkt i Vuu for å vidareutvikle det til eit it-konsulentselskap, seier Bradley.

Han er også medeigar i andre it-relaterte selskap og seier det er å aktuelt å investere i andre it-selskap gjennom Vuu IT.

Publisert: 01.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 01.02.2023 11:05

Mer om