Fritidsbåt terje bendiksby
FART: Sjøfartsdirektoratet foreslår å innføre eit høgfartsbevis med 18-årsgrense for fartøy som går over 50 knop. Dette skal også gjelde for vasskuterar. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix
Nytt

Vil ha 18-årsgrense for hurtige båtar

Det same gjeld for vasskuter. Fryktar mange ulukker i sommar.

21.04.2021

(NPK-NTB-Helle Høiness) Det er varsla ein ny rekordsommar for fritidsbåtar i år. Båtsesongen har så vidt starta, men allereie har fem personar omkomme i ulykker på sjøen.

Alle etatar førebur seg nor for å gjere det trygt på sjøen for befolkninga. Sjøfartsdirektoratet er blant dei. Dei har komme med forslag til ein del endringar og innføring av eit nytt båtførarbevis for dei raskaste båtane og vasskuterar.

– For at ulykkestala ikkje skal auke i takt med talet på fritidsbåtar, må styresmakter og organisasjonar intensivere arbeidet. Dette vart gjort i fjor, og ulykkestala auka heldigvis ikkje. Det må vi få til også i år, seier Petter André Søreng, seksjonssjef for fritidsfartøy i Sjøfartsdirektoratet.

To omkom i april
Måndag omkom ein mann i ei ulykke med fritidsbåt i Karmøy. Fredag førre veke døydde ein 24-åring i ei vasskuter-ulykke utanfor Bergen. I tillegg har tre andre personar omkomme i ulike båtulykker tidlegare i år.

I 2019 omkom 28 personar i fritidsbåtulykker, medan 20 omkom i 2020.

Seniorrådgivar Randi Linløkken i Sjøfartsdirektoratet seier at auka beredskap blant dei ulike etatane og redningsinnsatsen, periodar med dårleg ferievêr og god bruk av redningsvest, er blant årsakene til at ein ikkje fekk ulykkessommaren ein kunne frykte, i fjor.

– Det var òg færre utanlandske fisketuristar i landet, seier ho.

Onsdag presenterte Sjøfartsdirektoratet nye reglar og dei viktigaste tala for båtsommaren i fjor på Fritidsbåtkonferansen. Samtidig startar opptrappinga i det som er venta å bli ny rekord i bruk av fritidsbåtar.

Vasskuter
Ein ny tendens er fleire høgfartsbåtar og vasskuterar. Når det skjer ulykker i høg fart, er konsekvensane langt meir alvorleg. Det er òg yngre menneske som døyr i denne typen ulykker.

– Det blir foreslått å innføre eit høgfartsbevis for fartøy som går over 50 knop. Det er inkludert vasskuter og tradisjonelle fritidsbåtar, seier Søreng.

Samtidig tilrår Sjøfartsdirektoratet ei vurdering av om fartsgrensa for vasskuter bør vere lågare. I høyringa foreslår dei at grensa for det nye båtførarbeviset blir sett ned til 40 knop.

– Sjøfartsdirektoratet har tidlegare tilrådd eit lågare innslagspunkt for vasskuter enn 50 knop. Vi ber derfor i høyringa om innspel på dette, seier han.

Det nye høgfartsbeviset skal ha18-årsgrense.

16-åringar
Sjøfartsdirektoratet foreslår òg å fjerne 16-årsgrensa for fart på over 10 knop. Men dagens avgrensing på 10 hestekrefter gjeld framleis.

– Sjøfartsdirektoratet meiner ikkje med dette at alle barn og ungdommar er i stand til å køyre båt som går over 10 knop. Dei føresette skal gjere ei aktiv vurdering, seier Søreng.

Dei nye reglane vil gjelde frå januar 2022, medan høgfartsbevisa blir innførte frå oktober 2022.

Viktige fem tips for fritidsbåtbrukarar:

* Sørg for å ha grunnkompetansen på plass for fartøyet du skal føre.

* Bruk redningsvest. Det er viktigaste enkelttiltak som kan redde deg om ulykka skjer.

* Vasstett kommunikasjonsutstyr. I mange tilfelle betyr det mobilen i ein vasstett pose.

* Sørg for at du har ein måte å komme deg opp i båten på. Sjekk om du rekk stigen frå vatnet.

* Vêr edru.

Det blir foreslått å innføre eit høgfartsbevis for fartøy som går over 50 knop
Petter André Søreng

Publisert: 21.04.2021 13:23

Sist oppdatert: 21.04.2021 13:33

Mer om