Vard Andre Skjegstad Johannes Sørvik foto marius 11
SKAL UTRUSTE KYSTVAKTSKIP: André Skjegstad (27) og Johannes Sørvik (17) er mellom ein rekke lærlingar som skal jobbe med å utruste kystvaktskip ved Vard Langsten. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Eg har alltid synest at det har vore tøft

Lærlingane André og Johannes hadde heilt ulike inngongar til verftsbransjen, men begge gler seg til å bygge kystvaktskip.

Marius Rosbach
10.09.2021

Vard Langsten-verftet vil ha mellom 400 og 500 arbeidarar i sving på kystvaktskipa dei neste åra. Mellom dei er også ein rekke lærlingar.

På Langsten-verftet er dei no 13 lærlingar. I tillegg jobbar det gjerne 10-15 lærlingar frå andre Vard-selskap på skipa som blir utrusta i Tomrefjord.

– Ein del av desse vil få læretida om bord i desse skipa. Mange av dei har også bakgrunn frå Forsvaret, og seier det er veldig spennande å få vere med på å bygge kystvaktskip, fortel verftsdirektør Ronny Langset til NETT NO.

Verftskonsernet er ein av dei største lærebedriftene i regionen. Totalt har dei for tida 61 lærlingar og nokre TAF-elevar.

Alltid vore fascinert av verftet
Johannes Sørvik (17) og André Skjegstad (27) er begge frå lokalmiljøet. Men dei har hatt ulike vegar inn til lærlingjobben som høvesvis industrirøyrleggjar og platearbeidar.

Sørvik har gått den «vanlege» vegen med VK1 og er dessutan arveleg belasta med ein far som har jobba på verftet. Han har vore med på arbeidsplassen i oppveksten og alltid vore fascinert av staden.

– Eg har alltid synest at det har vore tøft å sjå alt som skjedde her. Ikkje minst med militærbåtane og kystvaktskipa som har vore her. Det skal bli artig å få vere med å bygge ein av dei sjølv. Eg trur det blir gøy å kunne seie i ettertid at vi var med å bygge desse skipa, fortel han til NETT NO.

(saka held fram under)

Ronny langset vard langsten foto marius 11
VERFTSDIREKTØR: Ronny Langset på Tomrefjord-verftet vil ha mykje å gjere dei neste åra med dei tre kystvaktskipa. Men Langsten har også kapasitet til å ta fleire parallelle oppdrag. Foto: Marius Rosbach
Å jobbe som vanleg røyrleggar i hus, verkar ikkje så spennande. Her er det større røyr, ulike typar og fleire løysingar
Johannes Sørvik

Trass i at det har vore utfordringar dei siste åra, har ungguten trua på ei framtid for norsk skipsbyggingsbransje. Sjølv kunne han ikkje tenkt seg ein anna jobb.

– Å jobbe som vanleg røyrleggar i hus, verkar ikkje så spennande. Her er det større røyr, ulike typar og fleire løysingar som du må jobbe med, fortel han.

Starta som riggar
André Skjegstad (27) er utdanna kokk og var tre år i Sjøforsvaret. Han har også jobba nokre år, før han starta som riggar ved Langsten-verftet.

– Eg trivdest så godt at eg spurte om det var råd å ta seg fagbrev. Svaret var veldig positivt, fortel han.

No har han vore lærling i eitt år. Fordi han får godkjent anna praktisk arbeid, reknar han med å vere ferdig med lærlingtida om halvanna år.

– Artig å sjå framdrifta
Vestnesingen fortel at han sett pris på folka han jobbar med, og fortel at han kjente mange av del frå før.

– Eigentleg er alt det vi får gjere på verftet i mi interesse. Vi gjer «aldri» det same, og det er stor variasjon. Med jamne mellomrom kjenst det som eg kjem til ein ny arbeidsplass, fortel Skjegstad og viser til korleis dei ulike skipa kjem til kai for kortare eller lengre oppdrag.

Med jamne mellomrom kjenst det som eg kjem til ein ny arbeidsplass
André Skjegstad

(saka held fram under)

Kystvakt skrog langsten foto marius 22
TRE PÅ RAD: Kontrakten med Forsvarsmateriell er eitt av dei største oppdraga verftskonsernet har jobba med. Tre kystvaktskip skal leverast fram til 2024. Først steg på vegen denne veka var å klargjere og sikre skroget. Foto: Marius Rosbach

Langsten-verftet skal utruste tre kystvaktskip på rekke og rad dei neste åra. Det første skipet blir døypt Jan Mayen – som også er namnet på den nye fartøyklassa.

27-åringen synest det bli spennande å vere med å jobbe på kystvaktskipet som kom til verftet i helga.

– Det er veldig artig å sjå framdrifta og skilnaden frå vi startar på skroget, til vi nærmar oss slutten, med alt utstyret og når det etter kvart kjem folk om bord som bemanne skipet, fortel han.

Usikre periodar innimellom
Ei av dei utfordringane til skipsbyggingsbransjen er at den er syklisk. Marknader og oppdrag går gjerne i bølgjedalar. Vard Langsten-verfta har hatt nokre holrom i mellom dei siste oppdraga med levering av eit cruiseskip til Hapag-Lloyd.

Skjegstad har likevel trua på skipsbyggingsnæringa.

– I mellom slaga er det gjerne litt usikkert. I ein periode har du kanskje fleire båtar og mykje å gjere, og du kan gå i fleire veker der du ikkje veit korleis det ser ut til neste år. Men det snur fort, og i løpet av nokre dagar så kan ein nesten ha for mykje igjen, fortel han.

Publisert: 10.09.2021 05:55

Sist oppdatert: 10.09.2021 00:36

Mer om