Vil ha oppdrett i havvindparkar
Måløy-selskap har utvikla ein ny type merd som kan unngå luseproblemet.
(NPK): Måløy-firmaet Subfarm meiner løysinga deira opnar nye dører for vekst i havbruksnæringa, både i Noreg og internasjonalt.
Subfarm har utvikla ein nedtrekkbar merd som opnar opp for djup drift i nye område. Merden er designa for havbruk til havs, skriv ilaks.no.
Merden skal vere nedsenka
– I utgangspunktet skal merden stå nedsenka under heile produksjonstida, i tolv månader eller meir. Merden skal plasserast godt under lusebeltet, på under 20 meter. Avhengig av bølgjeforhold, og eventuelle alge- eller manetangrep, kan dei plasserast djupare. Merdane kan også justerast til å liggje i ulike høgder, fortel Subfarm-gründer Paal Hylin.
Merden treng ikkje å bli teken opp til overflata for slakt eller prøvetaking. Brønnbåten kan kople seg på ein lasteslange når merden ligg på eksempelvis ti meters djup, slik at ein kan gjere dette utan å føre fisken gjennom lusebeltet.
Søker samarbeidspartnar
Merdprodusenten er i gang med å finne ein oppdrettar å samarbeide med, slik at dei kan teste i sjø med fisk i merden.
Hylin meiner teknologien deira kan bidra til å redusere lokalitetstettleiken – og dermed auke biotryggleiken, og dessutan gi mindre miljøpåverknad enn for skjerma lokalitetar.
– Nedsenkbar teknologi opnar opp enorme havområde til oppdrett av laks og aure internasjonalt. Ein finn gode vekstforhold i store havområde så lenge ein kan gå ned i djupet, der temperaturen er omtrent den same som her, seier Hylin.
Trur på samlokalisering
Subfarm har sett på moglegheitene for å samlokalisere havvind og oppdrett på Utsira Nord. Å bruke konstruksjonane frå havvind direkte inn i løysingane til offshore-merden blir komplisert på grunn av ulike driftsomsyn til havvind og havbruk, forklarer Hylin. Å dele på plassen er han meir optimistisk til.
– EU pushar veldig på samkøyring. Med så store konfliktar som det kan vere på arealbruk, og så store areal som havvindparkane beslaglegg, er det bra om ein også kan bruke området mellom turbinane. Størsteparten av dette arealet er jo tomt.
(©NPK)
Publisert: 23.01.2024 14:17
Sist oppdatert: 23.01.2024 14:17