Eemslift hendrika slagside foto kv sortland 11
SLAGSIDE: Eemslift Hendrika fekk slagside og det var frykt for at lasteskipet skulle kantre, etter at last om bord forskauv seg på overfarten. Foto: KV Sortland
Nytt

Eemslift Hendrika har segla frå Ålesund

Nederlandsk gransking får norsk hjelp, men Sjøfartsdirektoratet vil vente med å uttale seg om årsaka til havariet.

Marius Rosbach
22.04.2021

Lasteskipet som havarerte utanfor kysten av Stad for drygt to veker sidan, segla frå Ålesund natt til torsdag. Før dei fekk grønt lyst, hadde dei utbetra fleire pålegg frå Sjøfartsdirektoratet.

Onsdag blei direktoratet ferdig med sin hamnestadskontroll om bord på Eemslift Hendrika, som resulterte i ti pålegg. Dei fleste av desse handla om skader på skipet som måtte utbetrast før det gjekk frå hamn. Nokre vil også bli utbetre ved eit avtalt verft, og dette er godkjend av klasseselskapet.

– Våre inspektørar har hatt ein god dialog med mannskap og klasseselskap, opplyser kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NETT NO.

(saka held fram under)

Eemslift hendrika webkamera ålesundregionens hamnevesen 22
FLATHOLMEN: Lasteskipet Eemslift Hendrika har vore til hamn ved Flatholmen i Ålesund, sidan det blei berga frå å drive i land ved Stad. Foto: Ålesundsregionens Havnevesen

Vil vente med å svare om lastesikring
Inspektørane til direktoratet har også stilt spørsmål kring sikring av lasta og vurderinga av å gå i hardt ver. Kva som kom ut av desse undersøkingane, vil ikkje Aarhus svare på enno.

– Etter som nederlandske styresmakter har sagt dei vil granske hendinga, meiner vi det er mest ryddig. Så har vi hatt fokus på utbetringar ved fartøyet før dei kunne segle, forklarar Aarhus.

At delar av lasta forskauv seg, var foranledninga til at lasteskipet sende ut nødmelding måndag 5. april, og seinare i veka blei berga frå å drive på land ved Stad.

Får hjelp frå norske havarikommisjonen
Det er den nederlandske havarikommisjonen, som svarar til den norske ordninga, som skal granske hendingane som førte fram til dramaet utanfor kysten av Ålesund.

Dei har bedt om hjelp frå Statens Havarikommisjon (SHK), som innleia arbeidet medan skipet låg til kai i Ålesund.

– Vi har hatt personell om bord i fartøyet for å gjere nokre innleiande undersøkingar, stadfestar avdelingsdirektør Dag S. Liseth for sjøfart i SHK til NETT NO.

(saka held fram under)

Eemslift hendrika thruster hull ballasttank foto Sjøfartsdirektortatet 11
HULL I BALLASTTANK: Thrusterar lagra under dekk sleit seg under overfarten. Bilde viser korleis ein av desse slo hull i ein ballasttank. Foto: Sjøfartsdirektortatet

Førebels vil ikkje havarikommisjonen svare på spørsmål om kva dei har funne ut, og viser til at nederlendarane skal få gjere sine undersøkingar først. Dette arbeidet skal munne i i ein rapport som skal vere klar, seinast eitt år etter hendinga.

«Store krefter i sving»
Tidlegare har det kome fram at fleire thrusterar som var lagra under dekk på lasteskipet, sleit seg under overfarten.

Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet har tidlegare fortalt til NETT NO at skader om bord på skipet, viser at det var «store krefter i sving».

Mellom anna fekk fleire ballasttankar skader, og ein bom på ei stor kran blei øydelagd då ein arbeidsbåt på dekk sleit seg, og hamna på sjøen.

Sjå video frå bergingsaksjonen:

(saka held fram under)

Evakuert og teke i slep
Etter at lasteskipet mista stabilitet oppstod det frykt for at fartøyet skulle kantre, og etter kvart blei alle 12 om bord evakuert med hjelp av redningshelikopter.

I dagane som følgde, dreiv skipet i kraftig sjø i opptil 20 meter høge bølgjer, før bergingsmannskapa fekk kontroll på fartøyet. Om bord var det 350 tonn olje og 50 tonn diesel som gjorde at det var frykt for ei større miljøkatastrofe om skipet gjekk på land og forliste.

Les alt om dramaet under:

Publisert: 22.04.2021 09:38

Sist oppdatert: 22.04.2021 11:27

Mer om