Lasteskip eemslift hendrika skjermdump foto redningshelikopteret florø hrs sør norge 11
MÅTTE I SJØEN: Fire av dei 12 om bord i lasteskipet måtte gå i sjøen før dei blei plukka opp i helikopter. Foto: Redningshelikopteret Florø HRS Sør-Norge
Nytt

Staten krev 3 millionar for berginga

Det er ikkje aktuelt å ta arrest i skipet.

NPK
15.04.2021

(NPK): Noreg krev mellom 2.5 og 3 millionar kroner for berginga av «Eemslift Hendrika» som havarerte i Norskehavet tidlegare i april.

Det seier direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Kystverket Solveig Moe Frøland til Skipsrevyen.

– Statens (Kystverkets) kostnader i samband med hendinga er estimert til å vere mellom 2,5 til 3 millionar, seier Moe.

Kostnadene inkluderer òg kostnader til dei kommunane som vart mobiliserte. Kystverket har kommunisert dette til skipseigar og fremjar eit felles krav frå det offentlege.

– Vi har ikkje til hensikt å ta arrest i Eemslift Hendrika, seier Moe.

Kostnadene til staten er såpass låge i forhold til andre aksjonar. Samtidig er vi i god dialog med reiar og forsikringsselskap, opplyser Moe.

(©NPK)

Sjå video frå bergingsaksjonen under:


Publisert: 15.04.2021 16:17

Sist oppdatert: 15.04.2021 16:34

Mer om