Torsdag stadfesta meklarselskapet Atlantic Shipping at eit nybygg som Rimfrost har hatt under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia, er til sals.
Nyheita kom dagen etter at Rimfrost-eigar Stig Remøy sa at fleire aktørar skal ha forsøkt å få hand om skipet.
Remøy sa til Nett No at salsprosessen var ukjent for han – og opplyste samtidig at same det same meklarselskapet var involvert då Aker Biomarine kjøpte krillskipet Juvel i 2020.
Vil ikkje kommentere saka
Webjørn Barstad som er direktør i Aker Biomarine Antarctic har lite å fortelje då Nett No tek kontakt og spør om selskapet er interessert i det uferdig krillskipet som no ligg til kai ved Tersan-verftet.
– Vi kommenterer av prinsipp ikkje slike eventuelle planar eller moglegheiter, opplyser han til Nett No.
Aker-selskapet og Rimfrost er konkurrentar i krillfiske, og var gjennom ein opprivande strid i samband med det nemnte Juvel-skipet.
I rettssak om krillfabrikk
Bakgrunnen for striden den gong var at krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries - med Stig Remøy som hovudeigar - blei slått konkurs i 2017.
I etterkant fekk Kjell Inge Røkke-dominerte Aker Biomarine kjøpe skipet etter bodkamp med Rimfrost. Dei meinte samtidig at den patenterte produksjonsteknologien om bord i krilltrålaren følgde med.
Det fekk dei ikkje med seg verken tingretten eller lagmannsretten på, som konkluderte med at teknologien tilhøyrde Rimfrost.
Striden fekk eit punktum hausten 2020 då høgsterett forkasta anken frå Aker Biomarine.
Fleire år forseinka
Den 120 meter lange fabrikktrålaren skulle etter den opphavlege planen allereie vore i fiske etter krill i Antarktis.
Skroget blei sjøsett i 2021 og skulle slepast til Norge frå det tyrkiske Tersan-verftet, for utrusting ved Westcon-verftet i Florø hausten 2022.
Slik gjekk det altså ikkje.
Kva som skjer vidare med det uferdige skipet er uklart. Tersan-direktør Sakir Erdogan opplyste til Nett No onsdag at dei ikkje kunne uttale seg om prosjektet.
Har varsla betydeleg krav
Rimfrost hamna som kjent i strid med verftselskapet Westcon.
Striden mellom Rimfrost og Westcon førte til at kontrakten dei imellom blei kansellert, og partane har hatt ei voldgiftssak som i haust blei sett på vent.
Rimfrost har varsla eit betydeleg krav mot Westcon i samband med striden. Verftsselskapet held på si side tilbake ein krillfabrikk som skulle om bord på skipet, som sikkerheit for krav dei meiner å ha.
Stig Remøy fortalde til Nett No tidlegare i veka at Rimfrost no jobba med vitne og bevis for å få saka inn i ein ordinær rettsprosess. Reiarlaget opplyste i fjor at dei ville ferdigstille nybygget ved eit anna norsk verft.
Publisert: 08.11.2024 15:13
Sist oppdatert: 08.11.2024 15:46