Sanner og Erna
OVERRASKA: Statsminister Erna Solberg og finansminister Jan Tore Sanner overraska med å kome med eit framlegg om endra oljeskatt, to veker før valet.
Nytt

Vil stramme inn på oljeskatten

Leiterefusjonsordninga og friinntekta står begge for fall.

01.09.2021

NPK-NTB-Johan Falnes: Eit strammare og meir nøytralt skattesystem for petroleumsnæringa. Det var overskrifta til regjeringa då det overraskande forslaget vart presentert på ein hasteinnkalla pressekonferanse tysdag.

– Det vi ønskjer å oppnå med forslaget, er at lønnsam leiteaktivitet, lønnsame investeringar og driftstiltak blir gjennomført av oljeselskapa. Samtidig skal forventa ulønnsame tiltak ikkje gjennomførast, sa olje- og energiminister Tina Bru (H).

I forslaget blir desse endringane varsla:

* Dagens reglar for avskriving og friinntekt i særskatten skal frå og med 2022 blir erstatta med ein kontantstraumsskatt med umiddelbart frådrag for investeringskostnader.

* Leiterefusjonsordninga blir avvikla.

* Samla skatteprosent held fram med å vere 78 prosent. Men fordi selskapsskatten kjem til frådrag i særskatten, blir særskattesatsen auka teknisk til 71,8 prosent.

Avviklar leiterefusjonsordninga
Gjennom leiterefusjonsordninga refunderer staten skatteverdien av leitekostnader for selskap som går i minus. I 2019 vart det utbetalt 3,9 milliardar kroner gjennom ordninga, ifølgje tal Aftenposten har innhenta frå Skattedirektoratet.

Ordninga har vore omstridd hos klima- og miljørørsla, som meiner ho har vore ei sponsing av olje- og gassverksemd.

I staden for leiterefusjon skal særskatteverdien av underskot med det nye opplegget uansett bli utbetalt i skatteoppgjeret det etterfølgjande året. Forslaget inneber at selskapsskatten blir frådrag i grunnlaget for særskatt, på same måte som i grunnrenteskatten for vasskraft.

– For enkelte leiteselskap vil dette kunne innebere noko svekt likviditet på kort sikt, sa finansminister Jan Tore Sanner (H) då forslaget vart lagt fram.

Klimarisiko
Regjeringas mål med reforma er at oljeskatten skal bli meir nøytral enn i dag.

– Dette inneber mindre klimarisiko, og dette forslaget er i tråd med ei av tilrådingane frå Klimarisikoutvalget. Kort sagt: Det vil vere selskapa som må ta risiko for at utbygging er lønnsamt, medan staten og skattebetalarane tek litt mindre risiko, sa klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

På spørsmål om endringa er starten på den styrte avviklinga av oljenæringa, er svaret frå både finansministeren og olje- og energiministeren kontant nei.

– Vi legg til rette for den langsiktige utviklinga på sokkelen. Det er ikkje starten på utfasinga, det er tvert imot starten på neste fase for denne fantastiske næringa, sa Bru.

– Ikkje strategisk
På spørsmål om kvifor regjeringa vel å leggje dette fram no, to veker før stortingsvalet, svarte Sanner slik:

– Vi fasar ut den mellombelse endringa vi kom med etter oljeprisfallet i 2020, og då må vi ta stilling til kva som skal vere systemet framover. Regjeringa har teke ei avgjerd om at denne endringa skal gjelde frå 2022, og forslaget skal ut på ein tre månaders høyring før det skal lagast ein proposisjon til Stortinget som skal behandlast.

Han avviser at endringane valkamputspel frå regjeringas side.

– Vi legg ikkje fram slike endringar av strategiske eller valtekniske grunnar, vi gjer det fordi vi meiner det er riktig.

Frp seier nei
Frp-leiar Sylvi Listhaug gjer det for sin del klart at det er uaktuelt for Frp å gi regjeringa fleirtal for forslaget.

– Med dette forslaget kan eg seie med ein gong at regjeringa ikkje vil overleve denne budsjetthausten om dei skal gjere det opp med oss, seier Listhaug.

– At SV og venstresida ville stikke kjeppar i hjula og for så vidt òg leggje ned oljenæringa, er inga overrasking. Men at dette forslaget, som vil gi mindre leiting, mindre verdiar og færre arbeidsplassar og sender verdiane ut av landet til oljesjeikar i Midtausten, kjem frå Høgre, er ikkje til å tru.

Krf og SV-støtte
Ei endring av petroleumsskatten vil redusere risikoen for ulønnsame olje- og gassinvesteringar, meiner KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad.

– Dette er ei riktig og ansvarleg omlegging – for fellesskapet, for klimaet og for selskapa. Kontantstraumsskatt vil redusere risikoen for ulønnsame olje- og gassinvesteringar, til beste både for økonomien og klimaet.

– Ein kontantstraumsskatt vil òg over tid gi staten auka inntekter samtidig som selskapa oppnår både auka likviditet og føreseielegheit om rammevilkåra framover, seier Ropstad.

SV-leiar Audun Lysbakken er fornøgd med regjeringsplanen for endringar i petroleumsskatten: – Dette betyr ein slutt på å lempe risikoen over på fellesskapet.

– Dette ser ut til å vere det SV har etterlyst i veldig lang tid. Det er utruleg kva ein valkamp kan gjere, seier Lysbakken til TV 2-nyheitene.

– Det folkelege klimaengasjementet byrjar no å presse dei partia som har streta imot å endre politikk, og det er eg sjølvsagd glad for.

Ap i tenkeboksen
Arbeidarpartiet har ikkje gjort seg opp ei meining om regjeringsforslaget om ei omfattande omlegging av oljeskatten.

Arbeidarpartiets nestleiar Hadia Tajik vil studere nærare korleis endringane vil slå ut før ho kommenterer innhaldet.

– At også oljeindustrien skal skattleggjast på meir ordinært vis har lege i korta heile tida, men at det skal skje no, har ikkje vore vurdert tidlegare, skriv Tajik i ei tekstmelding til NTB.

– Ei slik endring kan ikkje gjerast utan ei heilskapleg vurdering av rammevilkåra for aktivitet på norsk sokkel, betydninga for arbeidsplassar og framveksten av nye, grøne industriar. Vi vil derfor sjå nærare på desse forholda, før vi tek stilling til forslaget, avsluttar ho.

Ringer med alarmklokkene
Senterpartiets næringspolitiske talsperson Geir Pollestad meiner oljeskatteforslaget til regjeringa bør få alarmklokkene til å ringje.

«Når regjeringen legger fram en stor omlegging av skatten for oljenæringen som en type stunt i innspurten av valgkampen, bør alarmklokkene ringe», skriv Pollestad på Facebook.

Han tolkar det overraskande oljeskatteforslaget på tysdag frå regjeringa som eit forsøk frå Høgre og statsminister Erna Solberg på å få Venstre og KrF over sperregrensa.

«Jeg skal lese innholdet nøye når det kommer, og skal ikke mene noe om detaljene i selve omleggingen nå – men det er ikke vakkert når Erna Solberg spiller maktspillet sitt», skriv han.

Kritisk fagforeining
– Det hadde vore greitt med eit forvarsel og involvering, seier forbundsleiaren i Industri Energi etter at regjeringa varsla storomlegging av petroleumsskatten.

Regjeringa presenterte nyheita på ein hasteinnkalla pressekonferanse tysdag kveld med alle dei tre regjeringspartia representerte. I forkant ville ingen seie kva pressekonferansen skulle dreie seg om.

Forbundsleiar Frode Alfheim i Industri Energi seier til VG at han ikkje har fått sett seg inn i dei foreslåtte endringane enno, men er kritisk til at regjeringa kjem med dette no. Han seier det er ein snodig måte å gjere det på rett før eit val.

– Eg synest det er litt av ein prosess å leggje det fram halvanna veke før valet. Dette råkar ein stor industri. Det hadde vore greitt med eit forvarsel og involvering i kva dette vil bety for arbeidsplassane våre, seier han til avisa.

Nedbremsing
Leiar Stein Lier-Hansen i Norsk Industri seier dette er starten på ei nedbremsing av oljeverksemda i Noreg.

– Dette er eit grep for å førebu Noreg på at oljealderen går mot slutten. Dette vil bremse leiteboringa, seier Lier-Hansen, og legg til at han må setje seg inn i detaljane.

Det nye skatteopplegget vil innebere at dagens friinntekter og leiterefusjonsordning blir erstatta med ein kontantstraumsskatt og umiddelbar utgiftsføring av investeringar frå 2022. Hensikta er ifølgje regjeringa å gjere skattesystemet mest mogleg nøytralt.

Publisert: 01.09.2021 08:51

Sist oppdatert: 01.09.2021 10:50