Vard maritim industri montasje Ingvild Espelid Wold montasje Foto Anita Gronland 11
NULL UTSLEPP FRŨSJØFART: Fylkesleiar Ingvild Espelid Wold i MDG vil samarbeide med den maritime næringa for å gjere Norge til verdas første utsleppsfrie sjøfartsnasjon. Foto: Marius Rosbach/Anita Grønland
Nytt

Vil trappe opp maritim satsing med fleire milliardar

MDG på offensiven då småpartia møtte næringslivet – og meiner det ikkje er grunn til å frykte det grøne skiftet med deira medisin.

Marius Rosbach
28.05.2021

Då dei mindre partia Miljøpartiet Dei Grøne, Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Raudt møtte næringslivet i regi av NHO Møre og Romsdal, var det

Miljøpartiet Dei Grøne var mest konkrete i sine løfter for korleis dei vil satse på eksportretta næringsliv, då dei mindre partia før helga stilte til valutspørring i regi av NHO Møre og Romsdal.

Saman med Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Raudt presenterte partia sine synspunkt, og blei utfordra av NHO-direktør Espen Remme og representantar frå næringslivet.

– Vi må samarbeide med den maritime næringa for å gjere Norge til verdas første utsleppsfrie sjøfartsnasjon, sa fylkesleiar Ingvild Espelid Wold (MDG), som stilte for partiet ettersom førstekandidat Carl Johansen ikkje kunne.

Vil betre byggjelån og støtte ny teknologi
Det ambisiøse målet vil partiet nå mellom anna ved hjelp auka avskriving for å bygge fartøy utan utslepp, betre byggjelån for skipsindustrien og eit nytt grønt fond for skipsfart.

Wold viste til at MGD i sitt alternative budsjett mellom hadde lagt inn to milliardar kroner ekstra til garantiordningar for verfta og meir enn to milliardar ekstra for å støtte overgang til teknologi med null eller låge utslepp.

– Norge har eit kjempepotensiale i det grøne skiftet, og vi meiner at vi leverer i vårt alternative budsjett, påpeika Wold.

Korleis skal vi hindre at bedriftene dør i gjennomføringa av det grøne skiftet
NHO-direktør Espen Remme

Har føreslått ein oljekommisjon
NHO-direktør Espen Remme var mellom dei som utfordra partiet på korleis overgangen til det grøne skiftet ville bli, med ei rask avvikling av olje- og gassindustrien.

– Korleis skal vi hindre at bedriftene dør i gjennomføringa av det grøne skiftet, spurte han.

Ingvild Espelid Wold viste til forslaget om ein oljekommisjon, der næringslivet skal vere med og peike på kva som trengs for at overgangen det skal gå bra.

«Overdrive frykt» for rask avvikling av olja
Ho peika også på at ei fersk undersøking viste at ei endring i tråd med MDG sin politikk, vil påverke norsk økonomi mindre enn tidlegare trudd.

– Frykta for at velferdssamfunnet vil forsvinne, trur eg er overdrive, svara ho.

Wold peika også på den ferske rapporten frå det internasjonale atomenergibyrået, som rår til stans i all oljeleiting.

– Vi meiner fleire bør sjå i den retninga, la ho til.

(saka held fram under)

Nho møre og romsdal utspørring sv mdg v raudt skjermdump 11
DIGITALT MØTE: NHO Møre og Romsdal arrangererar i samarbeid med LO og ein rekke organisasjonar, møter mellom næringslivet og toppkandidatane til partia i fylke. Torsdag 21. mai var det SV, Venstre, MGD og Raudt som var invitert. Skjermdump: NHO Møre og Romsdal på Youtube

SV: – Vi kan ikkje bere legge på CO2-avgifta
SV tilhøyrar også partia som aktivt vil bruke meir av statens sine pengar for å skape næringsutvikling.

Toppkandidat Birgit Oline Kjerstad fortalde at dei vil bruke både pengesystemet og avgiftspolitikken meir aktivt for å få til den omstillinga det er behov for.

– Vi kan ikkje bere legge på CO2-avgifta, også skal ting ordne seg sjølv, sa Kjerstad.

Forslaget frå regjeringa om CO2-avgifta har skapt stor uro, og SV-politikaren påpeika at ei slik omlegging måtte skje utan «å ta livet av næringslivet» samtidig.

– Korleis det skal skje, må vi finne i eit samarbeid med næringslivet, la ho til.

Venstre vil ha Business Norway til Ålesund
Venstre sin toppkandidat, Lena Landsverk Sande, var raskt ute med å forsvare forslaget om CO2-avgift. Ho meinte det var kome for lite fram at regjeringa vil bøte dei auka utgiftene på andre områder.

– Vi vil ikkje ha eit auka skattetrykk totalt. Kort sagt skal det løne seg å velje grønt, sa Vanylven-ordføraren.

Venstre-politikaren fekk ros frå både Maritim Forum Nordvest og Mafoss for korleis partiet lokalt hadde handtert saker inn til næringsminister Iselin Nybø.

– Vi har tett kontakt med henne, forsikra Sande og la til at ho mellom anna vil jobbe for å få den nye eksporteininga Business Norway, lagt til Ålesund.

– Det er viktig at vi får kunnskapen om kven som skal få støtte i næringslivet, hit til fylket, sa Lena Landsverk Sande.

Sjå sendinga:

Les saker frå dei andre partimøta:

Publisert: 28.05.2021 05:55

Sist oppdatert: 28.05.2021 11:49

Mer om