Volstad Maritime får nytt-namn
Døypast om til Havila Subsea og Renewables etter Sævik-overtakinga.
Tidlegare i år overtok Havila-konsernet i Herøy alle aksjane i Volstad Maritime.
No er det klart at reiarlaget skiftar namn og skal heite Havila Subsea og Renewables i samband med at selskapet no er heileigd av Havila.
Det kjem fram i ei pressemelding frå Havila onsdag.
– Namn er ein viktig identitetsmarkør og vi ønsker å vise at vi i står saman om å bygge eit fellesskap av rederi som gir oss styrke og breidde mot marknaden og innan drift av reiarlag, uttaler Havila-eigar Njål Sævik, som óg er styremedlem i selskapet.
Har seks skip i flåten
Havila Subsea & Renewables har seks skip, fem konstruksjonsskip (OCV) og eit dykkerskip (DSV).
Skipa i Havila Subsea & Renewables skal behalde namna, men Havila-namnet kan kome i tillegg. Båtane blir også registrerte med heimehamn i Fosnavåg, noko som då sjølvsagt vil stå på båtane, heiter det i meldinga.
Held fram med Ålesund-kontor
Namnet er no registrert i offentlege register og blir framover gradvis innfasa på heimeside og i anna profilering.
Administrasjonen i selskapet skal halde fram på kontoret i Ålesund som før, men Havila vil framover sjå på korleis ein i fellesskap kan hente ut fordelar og styrkar mellom selskapa, heiter det vidare i meldinga.
Til saman vil dei to Sævik-reiarlaga, Havila Shipping og Havila Subsea & Renewables, ha om lag 500 sjøfolk i arbeid. Sjøfolka i det tidlegare Volstad Maritime skal i praksis ikkje merke overgangen til å bli eit Havila-selskap.
Med sidan 2017
Havila Holding blei majoritetseigar i Volstad Maritime i 2017, i samband med ei refinansiering obligasjonlån Volstad Maritime hadde. Havila Holding gjekk inn med 300 millionar kroner.
Tidlegare i år selde Volstad Maritime sine to seismikkfartøy, som har lege i opplag i fleire år.
Då sa administerande direktør Christoffer Syversen at offshorekrisa var eit tilbakelagt stadium for selskapet, som no var klar for ny vekst.
Publisert: 26.06.2024 10:19
Sist oppdatert: 26.06.2024 10:36