Lars Conradi Andersen Åge Remøy foto marius
OPE SKIP: Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen og eigar Åge Remøy døypte sitt nye vindskip i Ålesund 12. mai. Onsdag klokka 16 byr dei inn til ope skip på Mjølstadneset. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ønsker velkomen om bord i nytt flaggskip

Vindskipet tek turen innom heimkommunen.

Marius Rosbach
23.05.2023

Rem Offshore sitt nye vindskip Rem Power kjem til heimkommunen Herøy onsdag. Då nyttar reiarlaget høve til å ønske velkomen om bord i ope skip på Mjølstadneset.

Det blir servert kake og kaffi for alle som vil kome om bord i det første «fullblods» vindskipet frå Herøy, skriv reiarlaget i ei pressemelding.

Skipet som er spekka med teknologi frå lokale leverandørar, blei nyleg døypt ved Skansekaia i Ålesund. Reiarlaget tok formelt over skipet frå Vard no denne veka.

Rem Power er det første skipet reiarlaget får i flåten som er skreddarsydd for denne marknaden heilt frå teiknebordet. Dei har også tinga eit skip nummer to, som er under bygging ved Vard sitt verft i Vietnam.

Rem Power dåp 1
ÅLESUND: Det 85 meter lange og 19,5 meter breie spesialskipet for offshore vind er bygd ved Vard Søviknes-verftet. Foto: Marius Rosbach

Skal rett ut på oppdrag
Etterspurnaden er stor etter tilsvarande skip som Rem Offshore og skipet skal ut i arbeid om kort tid.

Først til ein vindpark i Danmark, deretter til ein vindpark i Frankrike - før ei langtidskontrakt ved ein vindpark på Doggerbanken i Nordsjøen.

NETT NO har fleire gonger den siste tida omtala optimismen kring havvindmarknaden i den maritime industrien. Meklarar meiner det skal byggast mange slike skip framover, og Rem Offshore er mellom dei som vil ha fleire skip i flåten.

Publisert: 23.05.2023 23:10

Sist oppdatert: 23.05.2023 23:15

Mer om