– Det må byggjast mange nye havvindfartøy
Tida er over då havvindselskapa kunne bruke subseaskip til rimelege rater.
– Ja, no er det spesialskip som gjeld, med langt høgare rater.
Det seier dagleg leiar Gøran Røstad ved skipsmeklarselskapet Simpson Spence Young i Kristiansand.
Han viser til at medan spotratene var lave innan olje og gass i Nordsjøen, var det mange som leigde ut subseaskip til havvindindustrien.
– Vi forventar minst ei dobling i ratene etter kvart som dei spesialbygde havvindskipa kjem ut, seier Røstad.
Han meiner at dei som allereie har skip under bygging sit på dei beste korta.
– Ja, det går lang tid å byggje slike skip, og det vert stor etterspørsel etter dei skipa som snart er klare. Fleire har også sikra seg langsiktige kontraktar.
Les også
Reknar på nybygg
Fleire offshoreselskap på Nordvestlandet satsar stort på havvind. Under Leverandørkonferansen i Ulsteinvik sist veke var det stor optimisme rundt havvind, men også rundt olje og gass.
Divisjonsleiar Vegard Vollsæter i skipsmeklarselskapet Clarksons Offshore & Renewables meinte at det ville kome ei bølgje av nybygg i fleire segment, ikkje berre i havvind.
– Det er konkrete prosjekt det blir rekna på både ved Ulstein, Vard og Myklebust, sa han.
Ny Vard-kontrakt
Få dagar seinare, på måndag, kom nyheita om at det britiske selskapet North Star vil bygge minst to fartøy frå Vard.
På konferansen viste Vollsæter til at samansmeltinga av marknadene for havvind og offshore bidreg til å presse ratene oppover for begge segmenta.
– Alle skipa på havet er blitt ti år eldre, og i tillegg er det vesentleg meir fokus på drivstoff-forbruk. Det er også ein drivar for å byggje nytt, sa Vollsæter.
Les også
Signerte oppdrag for 1,7 milliardar i fjor. Ventar fleirdobling neste åra.
Hardt pressa offshorereiarar kan sjå lyst på sommarsesongen.
Trengst større og grønare skip
Gøran Røstad hos Simpson Spence Young meiner at det store fokuset på grøne skip i havvindindustrien gjer at nybygg vil vere løysinga.
– Det er blant anna fokus på at skipa skal ladde straum frå sjølve vindparkane. I tillegg er det fokus på sirkulær økonomi, der også sjølve turbinane skal resirkulerast når dei har gjort jobben sin. Snart vil det kanskje også verte slutt på å bruke betong i byggjeprosessen.
Han viser også til at det trengst større skip enn dei som er tilgjengelege i dag.
– Det trengst blant anna større trekkraft for å leggje ut kjettingar.
Det er nesten ei naturlov at det alltid skjer overkontrahering i shipping når eit marknadssegment er godt
Skeptiske bankar
Ei utfordring er at fleire bankar er skeptiske til å finansiere opp prosjekt etter å ha svidd av mykje pengar under offshorenedturen.
Røstad fryktar også at det kan verte overkontrahering innan havvind, men då langt fram i tid.
– Det er nesten ei naturlov at det alltid skjer overkontrahering i shipping når eit marknadssegment er godt, men akkurat no ser det lyst ut.
Publisert: 10.05.2023 05:00
Sist oppdatert: 10.05.2023 00:00