Fiskebaat med skarp kritikk mot Equinor og havvind
REGULER: På land er det ingen som reagerer på verken arealplanar eller reguleringsplanar. Å fordele areal på fleire ulike interesser, er samfunnsøkonomisk lønsamt. Det må også gjelde for bruken av havet, meiner artikkelforfattaren. Foto: Eqinor
Synspunkt

Havet treng ein reguleringsplan

Dersom fiskefelta blir blokkerte av vindturbinar blir det ein håplaus situasjon for dei som skal fiske. Det trengst ein reguleringsplan, skriv Knut Arne Høyvik.

17.11.2021

Utbygging av vindkraft til havs står no høgt på saklista både i politiske miljø og i næringslivet. Det er liten tvil om at det kan bety mykje positivt for det maritime næringslivet langs kysten- ikkje minst i vår region.

No ser vi at fleire posisjonerer seg og vil bygge skip som kan yte service til vindindustrien- det er også ei positiv utvikling.

Men det hastar med å utarbeide ein samla plan for bruken av havet, ein reguleringsplan. Lærdomen om at havet dekkjer 70 prosent av kloden er ofte utgangspunkt for diskusjonar om bruken av havet. Men 80 prosent av det arealet igjen, er hav som er djupare enn 3000 meter, der skjer det stort sett ingenting.

Resten er dei grunnare områda; der er oljeindustrien, fiskeflåten og stor skipstrafikk knytt til oljeindustrien. Det er på desse grunne områda vindindustrien kan etablere seg med flytande vindturbinar. Botnfaste vindturbinar kan berre plasserast på svært grunt vatn. For fiskarane er det heilt avgjerande å få tilgang til sine tradisjonelle fiskefelt. Dersom felta blir blokkerte av vindturbinar blir det ein håplaus situasjon for dei som skal fiske. Det er ikkje mogleg å fiske mellom turbinane, heller ikkje så veldig nær dei- slik mange trur. Når ein set ut reiskap må ein heile tida kalkulere avdrift med vind og straum og halde avstand til installasjonar. Dette veit vi alt om etter å ha fiska i nærleiken av oljeinstallasjonar i 45 år.

Slepp ikkje flåten til på dei viktigaste fiskefelta, er dei spelt sjakk matt. Det er ikkje berre å flytte til ein annan stad og rekne med at der er fisk, dette veit vi også alt om.

Enorm matproduksjon
Norske fiskarar bringer i land knapt 2,5 millionar tonn sjømat kvart år- det er 2.5 milliardar kilo. Legg vi til grunn at det går med 400 gram til eit måltid mat, kan fangsten frå den norske fiskeflåten gi 6 milliardar menneske kvar sitt måltid- vi er ei fiskeristormakt. Til samanlikning blir det hausta ca.1.2 millionar tonn korn pr. år i Norge.

Den fornybare maten er ikkje eit problem for klimaet, det er ein del av løysinga. Det er difor viktig med ein plan som skjermar fiskefelta mot utbygging av vindkraft til havs. Det er fullt mogleg og få det til, og det hastar.

På land er det ingen som reagerer på verken arealplanar eller reguleringsplanar. Å fordele areal på fleire ulike interesser, er samfunnsøkonomisk lønsamt. Det må også gjelde for bruken av havet.

I ein stadig meir polarisert debatt er det nesten håplaust og kome med kritiske merknadar. Enten er ein for noko, eller så er ein mot noko. Underteikna har ingen motførestillingar mot å bygge ut havvind. Men det handlar om å få til eit samliv på havet, med minst mogleg konfliktar. Dersom norske styresmakter gir løyve til utbyggingar midt i matfatet, vil det vere eit stort omdømmetap for fiskerinasjonen Norge.

I dag er det veldig mange som snakkar om havet og havvind, mange av dei har diverre svært mangelfull kunnskap om kva som skjer på havet.

Difor hastar det med å utarbeide ein samla plan.

Publisert: 17.11.2021 14:53

Sist oppdatert: 17.11.2021 16:37

Mer om