Bjarte Aambø Sylvi Listhaug Lars Oscar Fossen Øvstegård Geir Høydalsvik foto Marius Rosbach 11
STØTTE FRÅ LISTHAUG: Advokat Bjarte Aambø (t.v.) og rekneskapsførar Geir Høydalsvik t.h.) utgjer «teamet» til Lars Oscar Fossen Øvstegård. Førre veke møtte dei Frp-leiar Sylvi Listhaug og etterpå har Øvstegård mellom anna møtt topp-politikarar frå Venstre.
Nytt

Overvelda av støtte til søksmål mot staten

Ørsting som vurderer å trekke staten for retten grunna formuesskatten, har fått mykje støtte. Historiene frå familiebedriftene gjer mest inntrykk.

Marius Rosbach
10.06.2023

Sidan NETT NO og lokalavisa Møre-Nytt omtala Lars Oscar Fossen Øvstegård sitt ønske om å ta staten til retten fordi han meiner formuesskatten er urettvis, har ørstingen svart på meldingar seint og tidleg.

Telefonen har gått varm og han har missa oversikta over kor mange samtaler det har blitt.

– Eg hadde budd meg på at det skulle kome noko som var negativt også, men det har ikkje vore noko. Men eg har fått utruleg mykje positive tilbakemeldingar, fortel han til NETT NO.

I løpet av den siste veka har ørstingen som driv med næringseigedom vore i kontakt med alt frå topp-politikarar, bygdefolk og bransjeorganisasjonen Regnskap Norge.

– Det går inn på meg når folk eg beundrar tek kontakt og seier at dei støttar oss, seier Øvstegård.

Har gode hjelparar
Mange har lest innlegget hans på NETT NO, der han forklarar kvifor han er villig til å ta opp millionlån for å få vekk formuesskatten på det som blir omtala som arbeidande kapital.

Først hadde han på trykk ein kronikk i Dagens Næringsliv, der han påpeika at banken ville sett ned foten for forretningsideen hans, om han hadde kome til dei i dag.

Øvstegård har alliert seg med advokat Bjarte Aambø og rekneskapsførar Geir Høydalsvik og påpeiker at det ikkje hadde vore mogleg for han å ta opp kampen utan deira hjelp.

Lars Oscar Fossen Øvstegård møte foto marius
FORTVILA: Lars Oscar Fossen Øvstegård fortvilar over korleis han må tappe bedrifta for å betale formuesskatt. For å betale 300.000 kroner i skatt, må han ta ut dobbelt så mykje frå bedrifta. Foto: Marius Rosbach

– Vil ikkje gå til sak for å lage styr
Den siste veka har han mellom anna fått innspel frå folk med juridisk kompetanse frå store søksmål, og på sosiale media har nokre føreslått spleis for å finansiere eit søksmål.

– Eg er ein liten næringsdrivande og vi er eit lite team. Vi ønskjer å gjere dette på rett måte, er det einaste Øvstegård no kan seie sikkert om vegen vidare.

– Eg vil ikkje gå til sak for å lage styr, men fordi eg meiner dette ikkje er rett, påpeiker han.

Lars oscar fossen øvestegård knutsen elvestuen taftesund høydalsvik venstre møte foto venstre 11
VENSTRE-MØTE: I løpet av veka har Ørsta-gründeren mellom anna møtt topp-politikarar frå Venstre (frå venstre) Gunnar Knutsen, Ola Elvestuen, Lars Oscar Fossen Øvstegård, Erling Taftesund, Geir Høydalsvik. Foto: Venstre

Familiekonfliktar gjer mest inntrykk
Det som gjer mest inntrykk er historiene frå familiebedrifter der eigarskap til større verdiar er ulikt fordelt. Det kan skape splid når nokon har behov for store utbytter for å betale formuesskatten – medan andre kanskje vil investere pengane.

– Folk fortel om familiekranglar og alle som tek kontakt fortel at dei kjenner seg att i det eg fortel – og ikkje i bodskapen frå næringsministeren og regjeringa, seier han.

Øvestegård trur hovudgrunnen til at bodskapen hans har treft mange, er at mange no også er oppriktig bekymra.

– Det er den viktigaste grunnen til at eg vurderer å ta denne kampen, seier han.

– Det er også nokre som har rådd meg frå å gjennomføre søksmålet, og påpeiker at det vil krevje enormt mykje, legg han til.

Lars Oscar Fossen Øvstegård foto Marius Rosbach 11
VURDERER SØKSMÅL: Bedriftseigar Lars Oscar Fossen Øvstegård vurderer å saksøke den norske staten for forskjellsbehandling om formuesskatten. Han meiner den diskriminerar norske eigarar som må betale formuesskatt, medan utanlandske eigarar slepp. Foto: Marius Rosbach

Vil samle næringsforeiningane
Næringssjef Odd Magne Vinjevoll har vore ein viktig støttespelar for Øvstegård for å samle støtte.

– Dokke har alle bedriftene i Ørsta i ryggen, påpeika Vinjevoll då næringslivet møtte pressa og Frp-leiar Sylvi Listhaug om saka førre veke.

Øvstegård har frå starten ønska å få gjort ei større spørjeundersøking for å «få på bordet» korleis dei skjerpa skattane verkar inn hos den enkelte bedriftseigar.

Næringssjefen jobbar med å ta kontakt med dei andre næringsforeiningane på Sunnmøre, for å sjå om det er mogleg å få til noko i lag. Samtidig ventar Øvstegård på talmateriale som Regnskap Norge har skaffa mellom sine medlemmar.

Støtte - men ikkje pengar frå Flakk og Hofseth
Aksjonen for norsk eigarskap som Knut Flakk og Roger Hofseth har starta, er av fleire vore peika på som ein naturleg samarbeidspartnar om eit søksmål.

Når det gjeld å bidra med direkte pengebidrag, er Flakk tilbakehalden på spørsmål om det kan vere aktuelt.

– Vi ser det ikkje som vår oppgåve og saksøke staten. Iallfall ikkje foreløpig, seier Flakk til NETT NO.

Samtidig påpeiker han at dei er heilt samd med Øvstegård om at formueskatt på arbeidande kapital må fjernast.

– Vi skal fortsette å opplyse om skattens uheldige verknader, slik at Stortinget på sikt fjernar den og finn ein meir rettferdig skattlegging av bedrifter, fortel Flakk.

Øvstegård på si side er full av beundring for initiativet til Flakk og Hoseth – og har også meldt seg inn i aksjonen.

Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Publisert: 10.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 10.06.2023 01:08

Mer om