Stig Brautaset og Harald Indresøvde
IKKJE PÅ LINE: Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset (tv.) og tidlegare toppsjef og styreleiar i banken, Harald Indresøvde har stikk motsett syn på om det er rett å la Sparebank1 Søre Sunnmøre bli ein del av Sparebank1 SMN. Ar
Synspunkt

Slutt på 170 år med sjølvstendig bank i Volda og Ørsta?

Vi treng sjølvstende, ikkje fleire underbruk under Trondheim, skriv tidlegare banksjef om samanslåinga med Sparebank1 SMN.

07.09.2022

Litt om bakgrunnen min: Eg har arbeidd i Sparebank1 Søre Sunnmøre (tidlegare Volda og Ørsta Sparebank) i 25 år pluss vore styremedlem/-leiar nokre år. Eg har også vore styremedlem i Sparebankforeninga og Finanstilsynet og torer såleis påstå at eg kjenner banken, marknaden her og finansnæringa godt.

Eg har vore i tvil om eg orkar å engasjere meg i denne saka, men då adm. dir Brautaset for kort tid sidan uttala til Sunnmørsposten at han ikkje hadde fått «ei einaste negativ tilbakemelding» på fusjonsforslaget, forstod eg at her var det ingen veg tilbake. Lurer verkeleg på kven Brautaset lyttar til? Personleg har eg til gode å høyre den første som støttar fusjonen.

Styret i Sparebank1 Søre Sunnmøre har altså fremja forslag om fusjonere med storbanken Sparebank1 Midt Norge (SMN) i Trondheim, som då blir overtakande bank. Forslaget skal endeleg handsamast i Styret i oktober og seinare på hausten i Generalforsamlinga.

Fusjonsforslaget kjem altså frå Styret, eit organ som har endra samansetjing siste åra. I dag er både leiar og nestleiar frå Ålesund. Desse er såkalla «profesjonelle styremedlemer» og har over 100 styreverv til saman. Det er all grunn til så stille spørsmål ved den lokale tilknytinga.

Fusjon er svært dramatisk. Det vil bety at Sparebank 1 Søre Sunnmøre opphøyrer å eksistere som juridisk eining. Bankverksemda vil i staden halde fram som avdelingar/filialar under den overtakande banken, SMN i Trondheim. Det blir naturlegvis ikkje slutt på bankverksemda i dei fire kommunane på Søre Sunnmøre, men det blir slutt på at dei sentrale avgjerdene blir tatt lokalt. Den som foreslår/vedtar ein slik fusjon må vere skråsikre på at det er det einaste rette. Det er nemleg ingen veg tilbake!

Sparebank1 Søre Sunnmøre er i dag ein sjølvstendig bank, alle avgjerder av betydning blir tatt lokalt. For å verne om sjølvstendet blei banken i 2006 medlem av Sparebank1-alliansen. Alliansen består av 13 sjølvstendige bankar og leverer eit breitt spekter av tenester til medlemsbankane. På denne måten får ein del i stordriftsfordelane utan å fusjonere.

Banken blir neste år 170 år. Det har i alle år vore bankens overordna mål å vere ein sjølvstendig sparebank. Det har fleire gongar vore tøft, men banken har klart seg gjennom stormane i finansbransjen. Banken har hatt svært god drift siste åra og har også styrka eigenkapitalen ved å utferde eigenkapitalbevis. Banken har såleis kapitaldekning (soliditet) langt over kravet frå Styresmaktene.

Banken går godt, er solid, aukar marknadsandelane og er sin sterk støttespelar for lokalsamfunna både i dei «gamle» kommunane Volda og Ørsta, og i Ulstein og Herøy der banken har etablert seg i seinare tid. Det er umulig å finne argument i rekneskap og drift for at denne banken skal gi opp sjølvstendet og bli styrt frå Trondheim. Storleik er heller ikkje noko fusjonsargument. Det er 90 sparebankar i Noreg i dag, over 70 av desse er mindre enn banken vår.

Hovudgrunnen til fusjonar er å oppnå stordriftsfordelar. Slike fordelar oppnår ein gjennom rasjonalisering, i praksis nedbemanning. Eg trur på ingen måte at ein fusjon vil rasere banken, men eg er heilt sikker på at det blir nedbemanning, særleg innanfor stabs-/støttefunksjonar. All erfaring syner det, sjølv om fusjonsdokumenta seier noko anna. Dette betyr tap av kompetansearbeidsplassar. Eg har mange døme på at utflytta og velutdanna sunnmøringar har kome «heim» for å arbeide i lokalbanken. No kan det bli slutt på det.

Eg håper det finnest krefter i bankens styrande organ som kan stoppe denne fusjonen. Eg vil også oppmode kommunane/ordførarane om å kome på bana og gjere sitt for å hindre denne unødvendige sentraliseringa. Vi treng sjølvstende, ikkje fleire underbruk under Trondheim.

Publisert: 07.09.2022 16:16

Sist oppdatert: 07.09.2022 17:47

Mer om