ALFRED BJØRLO FOTO OGNE
SVARAR: Alfred Bjørlo (V) svarar på innlegg frå Audun Bjørlo Lysbakken (SV) og Birgit Oline Kjerstad (SV). Foto: Privat
Synspunkt

Venstre elskar alle

Alfred Bjørlo (V) rår Audun Bjørlo Lysbakken og Birgit Oline Kjerstad til å vitje bedriftene som står i skatteskvisen skapt av dagens regjering.

20.11.2023

SVs Audun Bjørlo Lysbakken er i eit innlegg på Nett.no 17/11 uroa over at eg og Venstre bryr oss meir om vestkanten i Oslo enn om Vestlandet, når vi går inn for lågare formuesskatt på arbeidande kapital.

I eit innlegg i Nett.no 20/11 følgjer SV-kollega Birgit Oline Kjerstad opp med å meine at Venstre er «på bærtur» når vi er kritiske til SV sin skattepolitikk, og syner til alt godt SV gjer for næringslivet på Vestlandet i sitt alternative statsbudsjett.

Eg kan glede Audun, Birgit og SV med at Venstre ikkje bryr oss meir om vestkanten i Oslo enn om Vestlandet. Venstre bryr oss om alle, og vi lyttar til dei som har skoa på. Dei sterkaste varsko-ropa om det som no skjer på grasrota i bedrifts-Noreg grunna Ap, Sp og SV sine kraftige og uføreseielege auker av særskattane på norsk eigarskap, kjem frå Vestlandet. Det er på Vestlandet det lokale eigarskapet i næringslivet står sterkast. Og det er her det no står i fare for å gå opp i liminga, fordi SV er med å gjere det stadig meir lønsamt for bedrifter å ha utanlandske eigarar enn å vere eigde lokalt.

Audun Bjørlo Lysbakken framstiller det som vi må velje mellom høgare formuesskatt på det å eige bedrifter, eller betre velferd og sosial rettferd. Det er ei framstilling eg ikkje kan seie meg samd i.

Verdiar og inntekter må skapast før dei kan delast. At vi har eit mangfald av bedrifter landet rundt med variert og lokalt eigarskap som skaper arbeidsplassar, skatteinntekter og aktivitet i lokalsamfunna – er ein direkte føresetnad for velferd. Og vil bli det i endå større grad i framtida, når vi ikkje lenger har like store inntekter frå sal av olje og gass som Noreg har hatt fram til no.

Eg trur Audun Bjørlo Lysbakken og SV tar grundig feil når dei framstiller dei nødropa vi no høyrer frå små og mellomstore bedrifter over heile landet som «..krav frå einskilde rike menneskje om lågare skatt på formue». Desse menneska er ikkje stereotype «rikingar» som er ute etter å grafse til seg stadig meir for å kjøpe stadig dyrare hus og bilar og leve jetset-liv. Dei er hardt arbeidande folk som har verdiane sine i form av fabrikkbygg, maskiner, dyktige tilsette og gode forretningsidear som kan drive Noreg framover. Dei ber ikkje om meir til seg sjølve, men om å sleppe å tappe bedriftene sine for verdiar og framtidskraft, eller å måtte selje bedrifta til eit utanlandsk investeringsfond som slepp å betale særnorske skattar.

Og så lenge SV skrur stadig hardare til skatteskruen på norskeigde bedrifter, hjelper det lite å lokke dei same bedriftene med knappar og glansbilete til miljøsertifisering og biomarin satsing, slik Birgit Kjerstad trekker fram i sitt innlegg. Det er sjølvsagt positivt at SV i sitt alternative budsjett foreslår å redusere den ekstraordinære arbeidsgiveravgifta for lønningar over 850 000 kr. Men dette forslaget presterte SV sin finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski å skyte ned same dag som det vart lagt fram, ved å seie at «..dette ikke kommer til å være en høyt prioritert sak i forhandlingene» (Dagens Næringsliv, 9/11).

Eg vil rå Audun Bjørlo Lysbakken og Birgit Oline Kjerstad til å vitje ein del av bedriftene på Vestlandet som akkurat no står i skatte-skvisen skapt av dagens regjering og SV, og som meir enn noko vil ha SV i tale i staden for å bli møtte med retorikk om «rikingar på Oslo Vest». Vi i Venstre meiner i alle fall at tida er inne for å lytte litt meir, og skatte litt mindre.

Publisert: 20.11.2023 17:10

Sist oppdatert: 20.11.2023 17:31

Mer om