Ursula von der Leyen EU kommisjonpresidenty Skjermbilde 2021 07 14 kl 16 18 06
OMFATTANDE: Ursula von der Leyen er president i EU-kommisjonen som i dag la fram eit omfattande framlegg til korleis EU-land skal kutte i CO2-utsleppa. Skjermfoto frå pressekonferanse.
Analyser

Her blir det pengar å hente

EU-kommisjonen vil bruke alle klima-avgifter på klima-tiltak.

14.07.2021

ANALYSE

I dag har EU-kommisjonen offentleggjort sitt omfattande framlegget til krav for å for korleis EU-land skal gjennomføre store reduksjonar i CO2-utslepp. Ein del av framlegget er avgifter som blir lagt på CO2-utslepp skal brukast på prosjekt for å redusere CO2-utslepp, og til andre miljøtiltak.

Les meir om kommisjonen sitt framlegg her

Les talen til EU-kommisjonpresident Ursula von der Leyen her

Om dette får gjennomslag når EU-politikarar og nasjonalforsamlingar i EU skal behandle framlegget gjenstår å sjå. (Utgangspunktet for det heile er vurderinga av at auka CO2-utslepp i atmosfæren har ein drivhuseffekt som bidrar til at det blir varmare på jorda - og at det har store negative konsekvensar.)

Men om framlegget frå EU-kommisjonen går gjennom vil det truleg betyr ein kraftig vekst i midlar som blir tilgjengleg for å støtte utvikling og kommersialisering av teknologi, skip, bilar, båtar.. ja alt som dei som skal fordele pengane måtte vurdere medverke til å redusere CO2-utslepp. Men på støtteverdige tiltak vil truleg og stå subsidiar for å favorisere energikjelder som ikkje gir CO2-utslepp. Pengar skal og brukast på å dempe ulempene for grupper som kjem dårleg ut av omlegginga til mindre CO2-utslepp

Det betyr med andre ord at det blir pengar å hente, også for norske aktørar, mellom anna på grunn av banda til EU gjennom EØS-avtalen. Dagens H/Krf/V-regjering har også lagt seg tett opp til EU til EU-når det gjeld CO2-politikken.

EU-kommisjonens framlegg vil dra den økonomiske aktiviteten dit at mykje vil handle om infrastruktur og teknologi for å produserer kraft utan CO2-utslepp, utvikling og bruk av nye energiberarar som hydrogen og ammoniakk i skipsfarten, utbygging av straumforsyningsnettet - sidan meir skal elektrifiserast - og energiøkonomisering.

Lik det eller ei, slik blir det om EU-kommisjonen vinn fram.

Målet til EU-kommisjonen er at CO2-utsleppa skal ned. For å få det til skal det bli dyrare å sleppe ut CO2, akkurat slik den norske regjeringa har foreslått i sin klimaplan, som blei lansert tidlegare i år.

Skipsfart og luftfart er to av sektorane som no må bu seg på å betale for utslepp. Krav til utslepp frå bilparken blir strengare og strengare, og frå 2035 skal alle nye bilar som blir registrert vere utsleppfrie. Blant framlegga er og at tre prosent av alle offentlege bygg skal renoverast årleg, for å få ned kostnadene til oppvarming og/eller nedkjøling. Tre milliardar tre skal også plantast innan 2030 for å binde CO2.

For å hindre at alt dette fører til at industri og økonomisk aktivitet flyttar ut av EU og til andre verdsdelar som ikkje kopierer EUs reglar og standardar, vil EU-kommisjonen også innføre ein toll på varer som blir importert til EU. "Carbon Border Adjustment Mechanism" kallar EU-kommisjonen denne tollen, og den skal sikre at importerte varer får dei same kostnadene knytt til CO2-utslepp som varer produsert i EU.

Den norske regjeringa vil ikkje på eiga hand innføre ein CO2-toll knytt til CO2-utslepp på varer produsert i utlandet, men meiner dette er eit spørsmål som må løysast saman med EU.

Både frå Kina, Afrika og USA er det protestert mot ideen om ein slik toll, og på heimebane seier bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri til E24 at organisasjonen fryktar at ein klimatoll kan utløyse handelskrig.

Publisert: 14.07.2021 17:30

Sist oppdatert: 26.07.2021 23:14