ANALYSE
Tidlegare i år forlenga regjeringa kravet om utsleppsfri skipsferdsel i verdsarvfjorden Geiranger med seks år. No går den også attende på målet om kutt i norske utslepp av CO2 innan 2030.
Stortinget vedtok i 2018 at skipstrafikken på Geirangerfjorden andre fjordar med verdsarvstatus skulle vere utsleppsfri seinast frå 2026.
I praksis betydde det av dieseldrivne cruiseskip og ferjer måtte finne andre energikjelder om dei framleis ville segle inn til til dømes Geiranger.
I slutten av august i år kom regjeringen fram til at fristen skulle utsettast til år 2032 for dei største skipa. Mindre turistskip og ferjer må segle utan utslipp allerede frå 2026.
Statsminister Jonas Gahr Støre forsvarte utsetting då han vitja Hellesylt i samband med den offisielle opninga av Norwegian Hydrogen sin nye hydrogenfabrikk der.
Statsministeren viste til at både kjøretøy på veg og farkostar til sjøs må byggast om, eller erstattast med nye for å møte krav som blir stilt.
– Då må ein også være pragmatiske, og gå framover i ei takt som let seg gjennomføre. Det er ein god del mindre skip som kan gå på hydrogen, og ein god del i mellomklassen som kan gå på hydrogen. Men dei aller største må få ein tidshorisont og planlegge for det, sa han.
Spørsmålet er om ikkje Stortings-fleirtalet i 2018 burde tatt seg tid til å vurdere kva som reint praktisk kunne gjennomførast, og spurt seg sjølv om ein var viljug til å sette hardt mot hardt for å nå sine mål.
Då ville i alle fall både aktørane som satsa på å utvikle tilbod for ein marknad der storparten av dagens cruiseskip ville bli nekta tilgang til Geiranger - og motstandarane av kravet - visst kva dei hadde å halde seg til.
No er det kasta vekk tid og pengar på begge sider. Unntatt hos dei som gjorde vedtaket i 2018. For dei har det vore kostnadsfritt.
No er det Ap/Sp-regjeringa sine såkalla klimamål det er debatt om.
I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2025, skriv dei at det ikkje er sikkert at måla for kor mykje som skal kuttast i Noreg innan 2030, er oppnåleg likevel.
Konsekvensen er eventuelt å gjere bot, og kjøpe klimakvotar frå andre land. Det gir rett til CO2-utslepp, og skal i teorien bety at det blir sleppt ut mindre CO2 i dei landa kvotane blir kjøp frå.
Regjeringa om klimagassutslepp
I regjeringsplattforma (også kalla Hurdalsplattforma):
"Innen 2030 skal 55 prosent av de norske klimagassutslippene kuttes, målt mot 1990. Denne forpliktelsen gjelder hele økonomien, inklusive kvotepliktig sektor."
I Statsbudsjettet for 2025, Regjeringens klimastatus og -plan. Kapittel 1.2.1.
"Dersom en oppdatert forpliktelse om 50 prosent reduksjon i utslippene skal nås gjennom nasjonale utslippsreduksjoner alene, er det anslått at regjeringen i tillegg til virkemidlene fra fjorårets klimaplan må redusere utslippene med minst 11 millioner tonn. I årets plan forsterkes klimapolitikken med 5,6 millioner tonn. Til tross for forsterkningen ligger Norge dermed an til å måtte benytte fleksible mekanismer(kjøp av klimkvoter, red. merk) tilsvarende ca. 5,4 millioner tonn CO2-ekvivalenter for å oppfylle forpliktelsen over hele perioden 2021–2030. Dette forklares nærmere i kapittel 4.2.1. Norge har tilgang på om lag 5,8 millioner konverterte kvoter fra EUs kvotesystem som kan benyttes mot forpliktelsene under innsatsfordelingen og skog- og arealbruksregelverket. Utover dette er det stor usikkerhet om den samlede tilgangen til å kjøpe utslippsenheter og skogkreditter. Prisen er ukjent."
Trass det tunge språket i statsbudsjettforslaget er det ikkje så vanskeleg å forstå at dette handlar om at regjeringa tvilar på at alle kutta kan takast på heimebane.
SV kalla Framtiden i våre hender, Greenpeace, Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, Spire, Sabima, Zero, Forum for utvikling og miljø, Regnskogfondet, WWF og Besteforeldrenes klimaaksjon til krisemøte, skreiv NTB:
– Fleire i miljørørsla har sagt at dette er det dårlegaste budsjettforslaget regjeringa har lagt fram i denne perioden. Dei set spørsmålsteikn ved om det berre er SV som skal ha ansvar for å sikre utsleppskutt i dette landet, og om det er eit ansvar SV kan stå med åleine, sa SV-leiar Kirsti Bergstø til NTB denne veka.
Denne artikkelen handlar ikkje om regjeringa burde sett seg dei utsleppsmåla den sette seg. Poenget er heller ikkje om å kutte CO2-utslepp i Noreg - utan å samstundes sikre seg at det berre gir tilsvarande utslepp i andre land- er det luraste, eller om ressursbruken for å få CO2-utsleppa ned ville gitt større gevinst i utlandet enn i Noreg.
Spørsmålet er om politikarane i regjering og Storting burde stilt større krav til seg sjølve før dei vedtek slike mål og krav som i tilfellet med verdsarvfjordane og CO2-utsleppa. Krav om at kostnadar, kva som må til av teknologiutvikling og investeringar - sama med ei vurdering av kor lang tid som må til må på bordet. Deretter kan ein talfeste og tidfeste når målet skal nåast.
Spørsmålet er ikkje nytt. Dåverande stortingsrepresentant Ola Borten Moe (Sp) kommenterte i eit avisinnlegg i 2021 klimameldinga til den førre regjeringa, der Erna Solberg (H) var statsminister:
"Ordet konsekvens er interessant fordi det er totalt fraværende i meldingen. Stikk i strid med regjeringens egen utredningsinstruks finnes det ingen vurderinger av kostnader, fordelingseffekter, alternativer og utslag for konkurransekraften for å nevne noe. Dette ville ikke blitt akseptert for noe annet politikkområde. Dette er det motsatte av kunnskapsbasert og rasjonell styring."
Borten Moe blei seinare minister då Ap/Sp tok over regjeringsmakta. Han gjekk av som minister i 2023, etter kritikk for å ha handla aksjar i Kongsberggruppen, der staten er storaksjonær.
Det kan sjå ut som kritikken Borten Moe kom med mot Solberg-regjeringa si klimamelding, ikkje blei tatt mykje omsyn til då Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) blei samde om regjeringsplattformen i 2021.
I staden for å gjere som Borten Moe etterlyste, auka dei målet for kor mykje Noreg skulle redusere dei norske CO2-utsleppa.
No tek regjeringa atterhald. Det er ikkje sikkert alle desse utsleppskutta blir gjort i Noreg innan 2030 likevel.
Dei som har arbeidd og investert i idear og teknologi som må til for å nå måla kan kjenne seg litt lurt, akkurat som i tilfelle med nullutsleppkravet i Geiranger.
Les også
Publisert: 13.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 22.03.2025 16:30