Militaere skip foto sjoforsvaret 11
FÆRRE TYPER FARTØY: Det norske forsvaret satsar på færre type fartøy i framtida og skal kjøpe nye fregattar og inntil 28 standardiserte fartøy i to storleikar. Illustrasjon: Sjøforsvaret
Nytt

Dei første anbodsdokumenta er ute

Forsvaret spør kva industrien kan levere til nye fartøy – med to vekers svarfrist.

Marius Rosbach
07.05.2025

Tysdag offentleggjorde Forsvarsmateriell (FMA) dei første dokumenta for innkjøp av sokalla standardiserte fartøy. 

Det skjedde i form av ei marknadsundersøking på anbodsaktøren Mercell sine nettsider

Forsvarsmateriell skriv at dei med undersøkinga vil få betre oversikt over samarbeidsmoglegheiter med norsk industri om utvikling av skipa. 

Som kjent skal Sjøforsvaret gå til innkjøp av 28 standardiserte fartøy, i tillegg til minst fem nye fregattar. Dokumenta som no er ute, markerer starten på den offisielle anbodsprosessen. 

Erkjenner kort svarfrist
I tillegg til ei beskriving av oppdraget, kjem Forsvarsmateriell med ein rekke spørsmål som aktuelle aktørar blir bedne om å svare på. Fristen er sett til 20. mai. 

«FMA erkjenner at svarfristen er kort og forventer derfor ikke komplette svar på alle spørsmål fra alle interessenter», heiter det dokumentet. 

Dei ber om svar frå både designselskap og potensielle totalleverandørar og verft for dei ulike fartøya. Det skal nyttast i planlegginga av prosjektet, heiter det vidare. 

Målet er å kome fram til eit design for dei standardiserte fartøya som skal utviklast i «tett samarbeid med norsk industri», heiter det.

Resultatet skal vidareutviklast og legge grunnlaget for sjølve byggekontraktane.

Nils Nordstrand Sjøforsvaret foto Marius 11
TRENG NYE SKIP: Under Ocean Summit i fjor vår viste kommandørkaptein Nils Nordstrand skisser av type fartøy Sjøforsvaret ser behov for framover. Snart blir det teke ei avgjerd om kven som skal levere dei. Foto: Marius Rosbach

Må vere klar for ny teknologi
I anbodsdokumenta kjem det fram fleire nye opplysningar om kva forsvaret er ute etter av dei standardiserte fartøya. 

I utgangspunktet er det snakk om 10 større skip som skal vere havgåande, og 18 mindre fartøy med sokalla kystnær plattform. Det blir understreka at plattformane må vere tilpassa slik at det er mogleg å legge til ny teknologi og system, utan at det er for tidkrevjande eller kostar mykje.  

16 av fartøya skal operere for marinen, som inneberer at dei vil ha meir avanserte våpensystem. 12 av fartøya skal være i kystvaktflåten. 

Kan gi rekordstore byggekontrakter
Investeringa i nye skip til forsvaret kan utgjere dei største byggekontraktane til norske skipsverft nokon gong. Anslag for prislappen det neste tiåret, varierer ein plass mellom 200 og 300 milliardar kroner. 

I dag har Sjøforsvaret tolv ulike fartøyklassar, og med dei nye innkjøpa vil ein redusere dette til tre storleikar – pluss ubåtar. 

Målet er at oppdraga gir mest mogleg aktivitet for innlands industri både under utvikling, bygging og vedlikehald av fartøya, ifølgje bestillinga frå stortingspolitikarane.

Vil ha dei første fartøya i 2028
Klarsignalet frå Stortinget til å investere i standardiserte fartøy kom i fjor vår.

Det er ikkje kjent kva tid forsvarsdepartementet vil ta ei endeleg val om innkjøpa. Statssekretær Marte Gerhardsen sa til Nett No førre veke at avgjerda om standardiserte fartøy vil kome i «nær framtid». 

Ifølgje anbodsdokumenta er ambisjonen at fartøya skal bli levert mellom 2028 og 2036.

Her blir det også vist til ein pilot under Grønt Skipsfartsprogram som blir fullført i løpet av mai. Den skal beskrive moglegheitene for meir klimavennlege løysingar for dei militære fartøya.

Publisert: 07.05.2025 05:00

Sist oppdatert: 07.05.2025 00:55

Mer om