Havfisk illustrasjon foto Havfisk
TRENG ALTERNATIV: Dieselprisen stig på grunn av auka CO2-avgift, men kva diesel eventuelt skal erstattast med er uklart. Foto: Lerøy Havfisk.
Analyser

Ekstraskatt utan utsleppskutt

Utan alternativ til diesel, er CO2-avgifta på fiskeflåten først og fremst ein ekstraskatt.

18.02.2024

ANALYSE:

Mangelen på alternativ til diesel som drivstoff for fiskeflåten blei klart og tydeleg demonstrert på bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt sitt årsmøte denne veka.

Representanten frå DNV frårådde i sitt innlegg fiskebåtreiarane på å satse på berre eitt alternativ dersom dei vil prøve å erstatte diesel som drivstoff. Det er rett og slett uklart kva som kan bli alternativet.

NETT NO kunne denne veka fortelje at to satsingar som skulle finne alternativ, ikkje kom lenger enn til tegnebrettet - fiskebåtreiarlaget Loran sitt hydrogenprosjekt og fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk sitt ammoniakkprosjekt.

CO2-avgifta blir lagt på dieselprisen og skal auke gradvis fram til 2030. Tanken er at dyrare drivstoff vil gjere det meir attraktivt å få dieselbruken ned, og helst heilt bort.

Fiskebåt si berekning er at avgifta, i tillegg til andre krav for å få CO2-utsleppa ned, då vil utgjere ein ekstrakostnad på 3,25 milliardar kroner, mot 345 millionar ekstra i 2022.

Berekninga er gjort på vilkår av at det blir fiska akkurat som i dag.

Les Solberg-regjeringa sin klimaplan her

Les Støre-regjeringa sin klimaplan her

Fiskarane vil sjølvsagt tilpasse seg den ekstra kostnaden som CO2-avgifta utgjer, slik at utslaget ikkje blir like stort som i Fiskebåt sine berekningar.

Fiske som blir ulønsamt på grunn av auka avgift blir kutta ut, og fiskarane vil prøve å effektivisere den øvrige drifta for å få drivstofforbruket ned. Om ikkje styresmaktene finn ei løysing for å hindre det, vil fiskebåtreiarlag truleg óg omgå avgifta ved kjøpe meir drivstoff i utlandet, eller frå bunkringsbåtar i internasjonalt farvatn. Der er det ikkje CO2-avgift.

Meir effektiv drift slår ut i reduserte CO2-utslepp. Bunkring i utlandet gir berre ein reduksjon i CO2-utsleppa som blir registrert i Noreg, men ingen reell reduksjon.

Om norske fiskarar kuttar ut fiske som blir for dyr å drive grunna auka avgift, kan det framleis vere lønsamt for fiskarar frå andre land, som ikkje har den avgifta. Utsleppsreduksjonen på grunn av CO2-avgifta kan dermed bli begrensa.

Utan alternativ til diesel, blir avgifta først og fremst ein ekstraskatt på fiskerinæringa.

Ein måte å unngå at det berre blir ein skatt, er å bruke innbetalt CO2-avgift til å finansiere teknologiutvikling og investeringar - som i alle fall reduserer utsleppa noko. Til dømes gjennom eit CO2-fond.

Våren 2023, berre få veker etter at ho byrja i jobben som dagleg leiar i interesseorganisasjonen Maritimt Forum si avdeling på Nordvestlandet, hadde Elise Fiske kartlagt kva ho meiner var det viktigaste å arbeide med: Å få etablert eit CO2-fond etter mønster av NOx-fondet - eit avgiftsfinansiert fond der pengane går til å finansiere tiltak som får ned utsleppa av NOx-gassar frå skip. (NOx er ei forkorting for nitrogenoksid, som mellom anna medverkar til sur nedbør).

Fiske er ikkje den første som lanserte ideen om eit CO2-fond. NETT NO skreiv om ideen allereie i 2015, då fiskebåtreiar Tore Roaldsnes viste til NOx-fondet som ein modell for å få redusert CO2-utsleppa.

I 2021 støtta NTNU-professor Vilmar Æsøy ideen. Grunngjevinga hans var at teknologiutviklinga for bruk av drivstoff utan CO2-utslepp, ikkje er kome langt nok til at det er eit økonomisk realistisk alternativ.

Dermed blir auka CO2-avgift berre ein ekstra kostnad som gir liten effekt på utsleppa.

Eit anna tiltak er å halde fram med å gi fiskarane kompensasjon for innbetalt avgift. Om den kompensasjonen overlever i framtida er uvisst. Bortsett frå å skape nokre byråkrati-arbeidsplassar er det dessutan grunn til å spørre om kva som er vitsen med heile avgifta om den likevel skal kompenserast for. Ei kompensasjonsordning som gir milliardar attende til fiskarane kan dessutan bli eit omdømme-problem. Slike overføringar framstår fort som ein subsidiering, uansett kor urimeleg det må vere, og eit slikt inntrykk er ikkje bra for ei næring som likar å understreka at den forlengst er blitt både subsidiefri og lønsam.

Ei tredje tilnærming til utfordringa er å vurdere det slik at både Solberg- og Støreregjeringa har sett seg urealistiske mål om kor store utslepp det er mogleg å nå innan 2030 - og at den største effekten av CO2-avgifta for fiskeflåten berre er at det blir dyrare å drive fiske.

Tidlegare statsråd Ola Borten Moe (Sp) har fått fart på debatten om måla generelt er urealistiske og berre kan nåast med uakseptable kostnadar, først med eit innlegg på debattsida i Trønderdebatt, deretter i eit intervju med Dagbladet og denne veka i Debatten, NRK sitt debattprogram på tv.

Den debatten er neppe over.

Publisert: 18.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 20.03.2024 10:29

Mer om