Vilmar Æsøy NTNU foto Ogne
FLEKSIBILITET: NTNU-professor Vilmar Æsøy meiner det tryggaste i dag er å satse på motorar som kan bruke ulike typer drivstoff, det meste av miljøteknologien er framleis for umoden. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil øyremerke CO2-avgift til teknologiutvikling

Avgjerande for å få teknologiutvikling som kan redusere CO2-utsleppa i skipsfart og fiske, meiner NTNU-professor.

22.09.2021

Solberg-regjeringa varsla tidlegare i år ein gradvis auke i avgifta for å sleppe ut CO2 fram til 2030. Alt anna likt vil det mellom anna doble drivstoffkostnadane for fiskeflåten.

Å berre auke CO2-avgifta er ikke nok for å få CO2-utsleppa ned, meiner NTNU-professor Vilmar Æsøy, som onsdag er ein av innleiarane på Rederikonferansen i Ålesund.

Grunngjevinga hans er at teknologiutviklinga for bruk av drivstoff utan CO2-utslepp ikkje er kome langt nok til at det er eit økonomisk realistisk alternativ. Dermed blir auka CO2-avgift berre ein ekstra kostnad som gir liten effekt på CO2-utsleppa.

I staden for å tappe reiarlaga for midlar som kan finansiere teknologiutviklinga som må til, bør CO2-avgifta øyremerkast til å finansiere tiltak som reduserer utsleppa, seier Æsøy til NETT NO.

Nox-fondet er modellen
Modellen for korleis CO2-avgifta bør brukast, er Nox-fondet.

Det blir brukt til å støtte tiltak for å redusere utslepp av Nox (nitrogenoksid) frå forbrenningsmotorar. Nox medverkar mellom anna til sur nedbør.

Nox-avgifta blei innført i 2007, og Nox-fondet etablert i 2008. Kort fortalt blir innkrevd avgift sendt til Nox-fondet, og betalt ut som støtte til tiltak for å redusere Nox-avgifta.

Sidan starten i 2008 er det gitt støtte til 1200 prosjekt og betalt ut i alt 5,7 milliardar kroner i støtte, ifølgje NHO.

Æsøy sin vurdering er at Nox-fondet har vore avgjerande for å utvikle bruk av flytande naturgass (LNG) som skipsdrivstoff, eit drivstoff som reduserer både Nox-og CO2-utslepp.

- Ute i verda er det LNG som er på veg opp, seier Æsøy.

Tilrår hybridløysingar
Æsøy er knytt til forskingstiftinga Sintef si gruppe som arbeider med å redusere eller få vekk CO2-utslepp i fiske og skipsfart, Sintef Smart Maritime.

Ei fersk oppsummering av status for utvikling og bruk av alternative drivstoff i skipsfart og fiske, som blei presentert på eit webinar i Sintef Smart Maritime-regi 16. september.

Konklusjonen er at det per i dag vil vere for kostbart å basere seg på drivstoff laga med bruk av fornybar elektrisk kraft, som hydrogen, ammoniakk og metanol.

Ein slik produksjon vi også kreve elektrisk kraft som kan gi større reduksjon av utslepp om den blir brukt til andre formål enn å lage skipsdrivstoff, etter Sintef Smart Maritime si vurdering.

Det samla sett beste alternativet er å satse på motorar som kan bruke to typar drivstoff og fleksible drivstoff-system.

Satsar på CO2-fond
Bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt har tidlegare i år gått ut med at organisasjonen håpar å få gjennomslag for eit CO2-fond.

CO2-avgifta frå fiskeflåten skal betalast inn til eit eige fond, og øyremerkast til å støtte investeringar og utstyr som gjer at CO2-utslepp frå fiskebåtar reduserast.

Publisert: 22.09.2021 16:01

Sist oppdatert: 20.03.2024 10:31

Mer om