Spilka Framtidslaben Anne Bente Skjellum Terje Bøe Marielle Furnes Mannseth Lars Erik Vinje Astrid Strande Nilsen foto Framtidslaben 11
I INTERIMSTYRET: Spilka blei partnar i Framtidslaben i 2021. Daglig leiar i datterselskapet Spilka Building Solutions, Lars Erik Vinje (nummer to frå høgre) er ein av medlemane i interimstyret som arbeider med å gi Framtidslaben ein nye start. Foto:
Analyser

Tok for lett på å sette kursen

Ålesund kommune gløymde at mange medlemar ikkje er den einaste målestokken for om ein organisasjon har suksess.

16.04.2023
ANALYSE

– Næringslivet gir uttrykk for at samarbeidet mellom kommune, akademia og næringsliv gjennom Framtidslaben har gitt veldig få konkrete resultat, sa Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) i eit påskeintervju med NETT NO.

Framtidslaben - offisielt United Future Lab Norway - har vore eit prestisjeprosjekt i nye Ålesund, kommunen som oppsto då Ålesund, Skodje, Ørskog og Haram, vart samla til ei.

Her skulle offentlege aktørar, representantar frå akademia og næringslivet samlast for å utvikle og samarbeide om tiltak som skulle gjere det råd for regionen å nå FN sine berekraftmål innan 2030. Det handlar om alt frå å reduserer CO2-utslepp, til å resirkulere ressursar og skape inkluderande samfunn.

No har misnøye hos bedriftene som er partnarar gjort at Framtidslaben får ein restart. Det første partnarmøtet i restart-prosessen vart halde 7. mars og samla omlag 100 deltakarar. Det andre partnarmøtet vart halde digitalt, for to dagar sidan.

Bedriftene utgjer nesten halvparten av alle dei 70 partnarane i Framtidslaben, men likevel har prosjekta i Framtidslaben i stor grad vore retta mot offentleg sektor.

- Vi ser at det er prosjekt i offentleg regi og knytt til offentleg sektor som har dominert i Framtidslaben. Det er dette vi ønskjer å endre på ved hjelp av ei omorganisering og ein restart, sa Inger Synnøve Remme, seniorrådgivar i Ålesund kommune og partnaransvarleg i Framtidslaben til NETT NO tidlegare denne veka.

Aurdal og Remme fortel ikkje akkurat om ei reindyrka suksesshistorie, men det gjorde Sunnmørsposten i ein artikkel 25. mars. Noko misnøye hos partnarane frå næringslivet står det ikkje om der.

– Mange prosjekt kunne ikkje ha blitt realiserte utan Framtidslaben som møtestad, sa Anne Lise Sagen Major, tidlegare avdelingsleiar for innovasjonsstøtte i Ålesund kommune til avisa. (No er ho viserektor i NTNU). Ifølgje artikkelen er det henta inn forsking- og prosjektmidlar for over 100 millionar kroner.

Ut frå det Vinje Aurdal og Remme seier til NETT NO og det Sagen Major seier til Sunnmørsposten kan det sjå ut som dei er på kvar sine planetar, men det er neppe tilfelle.

I staden er det heller ein illustrasjon av kva som er årsaka til at næringslivspartnarane etterkvart vart misnøgde med Framtidslaben: Kva som skulle vere suksesskriteria var ikkje godt nok gjennomdrøfta.

Framtidslaben er - i alle fall inntil vidare ein del av ei avdeling i Ålesund kommune - men også ein organisasjon. Det er nærliggande for leiinga i ein organisasjon å tolke vekst i talet på partnarar og vekst i talet på prosjekt som organisasjonen er involvert i som teikn på suksess og ei stadfesting av organisasjonen er liv laga.

Men tek vi perspektivet til bedriftene som er partnarar i Framtidslaben er ikkje fleire partnarar og mange prosjekt i arbeid eit mål i seg sjølv. Bedriftene skal også ha nok att for å vere med - nye kundar, ein utvida marknad, auka attraktivitet som arbeidsgivar, teknologisk eller organisasjonsmessig utvikling. Om Nordvestlandet blir meir berekraftig og betre å bu i er ein bonus, men ikkje nok.

Eit interimstyre er sett ned for å leie arbeidet med å stake ut ein ny kurs og ein ny måte å arbeide på. At bedriftene har omsett misnøyen med Framtidslaben til eit engasjement for ei endring er eit godt teikn for Framtidslaben, men og eit varsel om at endringa må kome raskt.

Å engasjere seg i noko ein får lite att av er ikkje berekraftig.

Publisert: 16.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 24.06.2023 08:46

Mer om