Kort fortalt

Kapitalutviding i kråkebolle-selskap

Hentar inn rundt 50 millionar.

30.03.2021

Kråkebolleoppdrett-selskapet Urchinomics Nordics i Ulsteinvik får det japanske energikonsernet Eneos og eit ikkje namngitt amerikansk familieigd konsern inn på eigarsida etter ei kapitalutviding, skriv Sunnmørsposten. I følgje avisa skal levere kråkebollar til den japanske marknaden til hausten.

Til saman går dei nye investorane inn med omlag 49 millionar kroner.

Samstundes sel det nederlanske fiskebåtreiarlaget Cornelis Vrolijk seg ned. Cornleis Vrolijk kom inn som medeigar i 2017, etter at fiskebåtreiar Sigurd Teige seld seg ut av kråkebollesatsinga.

Urchinomics Nordics har hovudkontor i Ulsteinvik. Brian Takeda er medeigar, primus motor og dagleg leiar.

Publisert: 30.03.2021 08:07

Sist oppdatert: 30.03.2021 08:31