Mission Impossible montasje Tom Cruise Hellesylt foto Marius Gage Skidmore-Wikimedia Commons
HELLESYLT: Innspelinga av Mission Impossible med Tom Cruise på Hellesylt ga ein rekke ringverknader for lokale bedrifter. Foto: Gage Skidmore-Wikimedia Commons/Marius Rosbach
Kort fortalt

Nordvestlandet kan få filmpris

To av fem innspelingsstader i europeisk konkurranse frå regionen.

Marius Rosbach
27.11.2023

EUFCN-European Film Commissions Network har valt ut fem europeiske filminnspelingsstadar til prisen for «Best European Filming Location of the year».

Heile tre av desse er i Norge – og to på Nordvestlandet, ifølgje ei pressemelding frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Helsetkopen på Hellesylt i Stranda, som var åstad for Tom Cruise sitt stunt i Mission Impossible 7, og Romsdalsgondolen i Rauma frå HBO-serien Succession er to av dei nominerte.

Den tredje norske nominasjonen er Jotunheimen og Lom frå Troll-filmen – som også er delvis spelt inn på Nordvestlandet.

I ei periode kan publikum stemme sine favorittar.

Publisert: 27.11.2023 22:32

Sist oppdatert: 27.11.2023 22:32

Mer om