Kort fortalt

Sjømatnæringa har større utslepp enn luftfarten

Ny rapport om utsleppsmål.

NPK
25.08.2022

(NPK): Utsleppa frå fiskeri og havbruk i Noreg var i 2021 på mellom 1,5 og 1,85 million tonn CO₂, ifølgje ein rapport for klimaprosjektet Zerokyst. Klimagassutsleppa frå all innanriks sivil luftfart er på 1,1 million tonn.

Zerokyst arbeider med eit grønt teknologiskifte i fiskeri- og havbruksnæringa, og har fått Stakeholder til å utarbeide denne rapporten for å vite kvar ein står. Målet er å bidra til eit kutt på 50 prosent av utsleppa i sjømatnæringa.

Erik Ianssen i Zerokyst seier til NRK at det ikkje er overraskande at det er store utslepp i sjømatnæringa, men at det er viktig at det blir jobba med å få endå meir presise tal.

– Det har vore sagt at vi skal kutte femti prosent, men ingen veit kva vi skal kutte frå og kvar vi skal.

Rapporten viser, trass i at det blir peika på noko usikkerheit rundt tala, kva utfordringar bransjen står overfor.

– Den aller største utfordringa ligg i oppdrettsnæringa. Der blir det snakka om ei tredobling i volum samtidig som forbruket av diesel skal ned med femti prosent, seier Ianssen.

Han meiner det då må brukast ein heilt annan teknologi enn i dag. Dessutan må infrastruktur som straum på kaiane og hydrogen til nye båtar på plass.

Henrik Stenwig, direktør for miljø og helse i Sjømat Norge, seier til NRK at det blir jobba med å kutte i utslepp i takt med at produksjonen aukar.

– Klimaavtrykket på laks er lågt med tanke på andre animalske produkt, faktisk lågast av alle dyr som blir fôra. Likevel kan også vi bli betre, og dette er noko vi har jobba med i årevis, seier han.

(©NPK)

Publisert: 25.08.2022 13:00

Sist oppdatert: 25.08.2022 13:01

Mer om