Kort fortalt

Trur på biobaserte næringar

NHO meiner Noreg må bli verdsleiande.

18.08.2021

(NPK): Ein ny rapport peiker på store moglegheiter for sysselsetjing innanfor biologiske næringar. NHO meiner Noreg må bli verdsleiande innanfor sektorane som brukar dei naturgitte ressursane vi har.

Næringslivets Hovedorganisasjon har utarbeidd rapporten saman med landsforeiningane Sjømat Norge, Norsk Industri, NHO Mat og Drikke og Treindustrien.

– Viss det er ein politisk vilje, kan ein få til veldig mykje spennande ved å sjå på biobaserte næringar opp mot verdikjeder. Ein må for eksempel sjå blå og grøn sektor i samanheng, seier Gjermund Løyning, direktør for politikk og samfunnskontakt i NHO til avisa Nationen.

Blå og grøn sektor vil seie havbrukssektoren og landbrukssektoren i form av jordbruk og skogbruk.

I rapporten blir det peikt på at ein må styrkje Noregs posisjon som ein av dei leiande landa innanfor sjømateksport, og det blir også lagt opp til ei satsing på eigenproduksjon av fôr. I dag er både fiskeri og jordbruket avhengig av importerte råvarer til for eksempel kraftfôr.

Ein vil elles auke avverkinga i skogen med 30 prosent. Dei vil auke marknadsdelane for norske mat- og drikkeprodusentar både i Norge og internasjonalt. Ein vil óg at vi her i landet skal vere i front i satsinga på bioteknologi og biofarma.

Ein Sintef-rapport frå 2019 viser til eit potensial på opptil 90.000 fleire arbeidsplassar innanfor biobaserte verdikjeder fram mot 2050, skriv avisa.

(©NPK)

Publisert: 18.08.2021 16:50

Sist oppdatert: 18.08.2021 16:55

Mer om