Kort fortalt

Vedtok Stranda-Tussa-emisjon

Banar veg for energifusjon.

Marius Rosbach
27.01.2023

Ei samrøystes generalforsamling i Tussa Kraft vedtok 27. januar å gjennomføre kapitalutvidinga som er naudsynt for fusjon med Stranda Energi Holding.

Målet er å gjennomføre fusjonen mellom dei to energikonserna i løpet av første halvår 2023.

Det har vore jobba med ein samanslåing sidan juni 2021.

- Det er forventa at det samanslege selskapet vil levere betre avkastning enn selskapa vil prestere kvar for seg, opplyser Tussa i ei pressemelding fredag.

Publisert: 27.01.2023 16:10

Sist oppdatert: 27.01.2023 16:12

Mer om