Hege økland foto nor shipping 11
Ei satsing på infrastruktur og produksjon av hydrogen med tilstrekkeleg finansiering, og utbygging av ladestruktur for straum, er dei første grepa styresmaktene bør gjere, meiner NCE Maritime Cleantech-direktør Hege Økland Det kom fram under den digitale fagdagen til Maritimt Forum Nordvest tysdag. Foto: Nor-Shipping
Nytt

Ber om klare mål, meir pengar og betre infrastruktur

Klyngeleiar, Hav Group-sjefen og Vard-topp med klar melding om kva som skal til for at maritim bransje skal henge med på det grøne skiftet.

Marius Rosbach
09.06.2021

Grøn skipsfart i 2030 var tema då Maritimt Forum Nordvest bad inn til fagdag og årsmøte tysdag. Bakteppet er at at utsleppa frå skipsfarten skal halverast innan den tid.

Sjølv om det blei sett inn i glaskula med spådommar for kor bransjen vil vere om nokre år, blei det nytta mykje tid til å beskrive behova her og no.

Gjennom innlegg frå NCE Maritime Cleantech-direktør Hege Økland, Hav Group-sjef Gunnar Larsen og Vard-topp Ove Bjørneseth gjekk det klart fram at bransjen meiner hjelpa frå styresmaktene, ikkje monnar.

– Styresmaktene må prøve å bli meir konkrete og talfeste kvar dei vil, sa Økland.

Ho viste til kravet om nullutslepp innan i verdsarvfjordane innan 2026, som eit godt døme. Leiaren for næringsklynga med kring 150 partnarar er basert i Førde, men har ein rekke medlemmar frå Nordvestlandet.

Alt handlar om å få etterspurnad frå kundar
Hege Økland

Infrastruktur mellom dei store utfordringane
Meldingane Økland får frå bransjen, er at infrastruktur både når det kjem til straum og alternative energikjelder som hydrogen, er mellom dei store utfordringane.

Klyngesjefen påpeika at det gjeld å legge til rette for ein kan nytte ny teknologi, slik at marknaden får trua på at dette er framtida.

– Alt handlar om å få etterspurnad frå kundar, sa Økland om situasjonen og at klare krav og pilotprosjekt med støtte frå styresmaktene har fungert godt for å få til ei omlegging til elektriske ferjer.

– Tilsvarande som vi har fått til med ferjene dei siste åra, må vi få til å skje med drivstoff som til dømes ammoniakk, sa Økland.

(saka held fram under)

Hege økland skjermdump 22
MANGE PROSJEKT: Hege Økland viste til at det var ein rekke ulike typer prosjekt i klynga som jobba med å kutte utslepp. Den første hydrogenferja kjem eter planen på vatnet neste år. Skjermdump: Teams-møte

Trur på ammoniakk og hydrogen
Nettopp ammoniakk – alternativt hydrogen – var Økland sitt klare tips om kva som ville vere dei føretrekte løysingane i bransjen for å få ned utsleppa i 2030.

Samtidig påpeika ho at fleire forhold, som plass om bord, overfartstid og tilgang på infrastruktur til lading eller anna alternative energikjelder, ville gjere at ulike fartøy, vil ha behov for ulike løysingar.

– Den lågast hengande frukta er å bygge ut nok elektrisk ladestruktur, sa Økland.

Ho har også tru på at ein i løpet av få år ville sjå at ein rekke ulike fartøy nytta seg av investeringane som er gjort ved ferjekaiene til å lade.

Spesielt i samband med hydrogensatsinga, så går det i store ord og lite pengar
Gunnar Larsen

– Stor risiko ved å ta i bruk ny teknologi
Hav Group-sjef Gunnar Larsen var klar på at styresmaktene etter hans mening må bidra med meir midlar for å få å nå dei klimamåla som er sett.

– Det er ein stor risiko ved å ta i bruk ny teknologi, sa Larsen som óg meinte at støtte bør dreiast til å vere meir industrielt retta og mindre retta mot forsking og utvikling.

Larsen meiner det er ei fare for at utviklinga med å lage og ta i bruk løysingar som gir mindre utslepp i maritim sektor, stod i fare for å stoppe opp, fordi ansvaret på kvar enkelt aktør blir for stort.

– Spesielt i samband med hydrogensatsinga, så går det i store ord og lite pengar, var hans konklusjonen som satsinga frå dagens regjering.

– Verfta er under angrep
Hav Group-sjefen åtvara mot at spesielt verfta var i ein utsett posisjon. Han meiner det er behov for å legge til rette for meir avansert teknologisk produksjon her til lands, om Norge skal bevege seg vekk frå å vere utstyrsklynge drive fram av verfta sin produksjon.

– Stadig meir produksjon blir sett ut og verfta er under angrep, meiner han.

Larsen minna også om at både bransjen og styresmaktene må halde fram å jobbe med energioptimalisering – det vil seie – å dra mest mogleg nytte av den energien som eksisterer i dag.

Kan ikkje ta løftet åleine
Det er liten tvil om at den maritime industrien i Norge ligg langt framme internasjonalt i kappløpet om å utvikle dei grøne løysingane verda vil ha behov for framover.

Vard-direktør Ove Bjørneseth leiar verftskonsernet sitt forsking- og utviklingsarbeid. Han peika på at bransjen har ein rekke ulike løysingar i verktøykassa, men også Bjørneseth meiner det er behov for større innsats frå styresmaktene for å kome vidare.

– Om dei trur kundane og bransjen skal bere dette sjølv, så tek dei feil, var hans konklusjon.

Publisert: 09.06.2021 12:30

Sist oppdatert: 11.06.2021 08:39

Mer om
Annonsørinnhold