– Sunnmøre har heile verdikjeda klar
Ekstrakostnader på 50 prosent er urimeleg mykje for å satse på hydrogen, meiner bransjeaktørar. KrF vil at staten skal dekke meir.
I helga fekk KrF Møre og Romsdal gjennomslag for eit vedtak på landsmøtet om at staten skal ta meir av rekninga for industriaktørar som vil satse på hydrogen.
Gjennomslaget for fylkespartiet i KrF blir helst velkomen av hydrogenaktør Knut Flakk og bransjeorganisasjonen Maritim Forum Nordvest.
– Akkurat der skoen trykker, seier Flakk til NETT NO, medan dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritim Forum Nordvest trur fleire parti vil kome etter.
Meir hydrogenstøtte og CO2-fond
I dag fungerer støtteordningane slik at staten via Enova kan dekke opptil halvparten av ekstrarekninga til ein reiar. Det er for lite, meiner KrF Møre og Romsdal som har jobba saman med stortingsrepresentant Steinar Reiten i næringskomiteen og høyrt kva næringslivet meiner.
Resultatet på landsmøtet blei ei ekstra setning i vedtaket om hydrogensatsinga, om reduksjon i krava til eigendel til «prosjekt der målet er å kommersialisere hydrogenbasert transportteknologi».
– Slik vi i KrF forstår aktørane som er i satsing på dette, vil reduserte krav til eigenkapital, eller større prosentvis tilskot frå verkemiddelapparatet, vere eit viktig insentiv for å etablere ein marknad for hydrogen som energiberar, fortel Harry Valderhaug til NETT NO.
Det er viktig at norske styresmakter aktivt utnyttar handlingsrommet
EØS-reglar er skjer i sjøen
Partiet sin førstekandidat til haustens val påpeiker at fylkeslaget også fekk gjennomslag for å etablere eit CO2-fond.
– Begge er viktige saker for Krf og mange i vår region, legg Valderhaug til.
Stortingspolitikar Steinar Reiten påpeiker at EØS-reglar kan vere eit skjer i sjøen for forslaget om redusert eigendel.
– Her blir det sett avgrensingar, men det er viktig at norske styresmakter aktivt utnyttar handlingsrommet, meiner Reiten – som trur det er mogleg å finne politiske løysingar.
– Har heile verdikjeda klar
KrF-politikarane viser til at det er fleire aktørar i Møre og Romsdal som er i gong med hydrogenprosjekt, og at det skjer «mykje spennande» utviklingsarbeid på ny framdriftsteknologi både til sjøs og på vegane.
Miljøet her på Sunnmøre har heile verdikjeda klar til alt frå produksjon av hydrogen og bygging av fartøy, til reiarlag og kundar
Arnfinn Ingjerd i Maritim Forum Nordvest har stor tru på at Nordvestlandet kan ligge godt an til å få eit nytt pilotprosjekt for hydrogen, om KrF får eit fleirtal på Stortinget med seg.
– Miljøet her på Sunnmøre har heile verdikjeda klar til alt frå produksjon av hydrogen og bygging av fartøy, til reiarlag og kundar, seier han.
– Viktig å få på plass pilotprosjekt
Norwegian Hydrogen og Hellesylt Hydrogen Hub med Knut Flakk i spissen er mellom dei som ligg langt framme med planar om hydrogenproduksjon i Hellesylt og nullutsleppsferjer på Geirangerfjorden.
Sistnemnte prosjekt er allereie innvilga støtte via Pilot-E-ordninga. Hofseth Aqua ligg likevel an til å bli den første kunden som får ein hydrogenbåt på vatnet.
– Det er viktig å få på plass pilotprosjekt for å kome i gong og dette kan bli verdas første nullutslepps bløggebåt, seier Arnfinn Ingjerd.
Samtidig som han er overtydd om at hydrogen vil vere ein sentral del av løysinga for å nå utsleppsmål i framtida, vil det vere «eitt av mange bidrag» som trengst, legg han til.
Det opplevast som urimeleg mykje ekstra å legge inn, så lenge ein også må rekne med ekstra risiko for å ta i bruk ny teknologi
Ekstrarekning på 50 prosent
Knut Flakk sjølv meiner KrF-forslaget treff godt og at det er «akkurat der skoen trykker», når det gjeld å få fart på utviklinga.
– Det trengst ikkje over tid, men no i starten, seier Flakk til NETT NO.
Å bygge ein båt med hydrogendrift, er langt dyrare enn eit fartøy med tradisjonell framdrift. Flakk fortel at bløggebåten til Hofseth vil koste kring 200 millionar.
Med dieselmotorar i staden for ny teknologi, kunne dei slept unna med halvparten. Ekstrautgiftene er med andre ord på 100 millionar - og av dette kan Enova dekke opptil halvparten.
Rekninga for reiaren blir i dette tilfelle på 50 prosent, samanlikna med ein alternativ båt.
– Det opplevast som urimeleg mykje ekstra å legge inn, så lenge ein også må rekne med ekstra risiko for å ta i bruk ny teknologi. Det gir større grad av usikkerheit, fortel han.
Trur på fleire anlegg i nordvest
Knut Flakk er storeigarar i hydrogenselskapet Hexagon Purus. Det børsnoterte sikra i førre veke ein avtale med ein amerikansk lastebilprodusent, som kan gi milliardinntekter i åra framover.
Samtidig er Flakk involvert når Norwegian Hydrogen no skal sette saman ei leiargruppe, som skal flytte inn i Korsegata i Ålesund.
– Vi meiner det truleg blir fleire anlegg for produksjon i fylket. Det er bra for å få bygd ut infrastruktur til fylling av hydrogen, både til langtransport og bunkringsanlegg for skipsfarten, seier han.
Han fortalde nyleg til NETT NO at selskapet jobbar med fleire prosjekt innan maritim og landbasert transport, men at det var for tidleg å opplyse namn.
Publisert: 06.05.2021 05:55
Sist oppdatert: 06.05.2021 01:27