Podium montasje november 2021 11
PODCAST: Marielle Furnes Mannseth (t.v.) i Norwegian Hydrogen, Ingvill Saunes frå Ulstein Group og Lars Erik Vinje frå Spilka Building Solutions deltar i studio. Foto: Podium
Nytt

Podcast om berekraft: Korleis blir næringslivet påverka?

Nye krav til bedrifter blir diskutert med gjestar frå lokale bedrifter og banksjef Jan Rune Hurlen.

25.11.2021
Podium

E15/S2 Bærekraft i næringslivet

Berekraft er tema i ny episode av podcasten Podium. I studio møter du Jan Rune Hurlen frå Sparebank 1 SMN som fortel korleis banken jobbar på dette området. Mellom anna går dei gjennom bransje for bransje for å undersøke tilstanden – og først ut er fiskeriet.

Lokale bedrifter som er bevisste på si berekraftsatsing, fortel også om sine erfaringar. I studio har vi samla Lars Erik Vinje frå Spilka-konsernet, Ingvill Saunes frå Ulstein Group og Marielle Furnes Mannseth som nyleg starta i Norwegian Hydrogen.

Episoden blei spelt inn etter at deltakarane hadde vore med på eit fullsett seminar om berekraft i regi av Adviso. Advokatfirmaet i Ålesund har auka pågang frå næringslivet om temaet.

Under seminaret fekk deltakarane mellom anna høyre om ny openheitslov og nytt klassifiseringssystem, som vil gjelde for næringsdrivande frå neste år.

Programleiarar denne gongen er Olav Sindre Kriken og Ole-Reinhart Notø fra Adviso.

Podium er ein podkast om og for næringslivet på Sunnmøre og Nordfjord frå NETT NO i samarbeid med advokatfirmaet Adviso og Pir. Podcasten er eit annonseprodukt. Kvar episode har gjestar frå det regionale næringslivet som diskuterer aktuelle tema.

Podium

E15/S2 Bærekraft i næringslivet

Høyr tidlegare episode om berekraft i næringslivet:

Podium

E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet

Publisert: 25.11.2021 09:14

Sist oppdatert: 25.11.2021 12:09

Mer om
Annonsørinnhold